– De rular, de er dritgode, og det er heilt sant! Eg var heilt trygg på at de kom til å vere trygge på dykk sjølve og gjere dykkar beste, og det gjorde de.

Lærar Ingebjørg Lyster har reist seg frå plassen sin ved eit av dei to juledekte langborda i «restauranten» på Herøy vidaregåande skule. Rundt borda sit eit titals gjestar, i tillegg til minst dobbelt så mange ungdommar i kvite uniformer. VG1-elevane ved det eine bordet har stått for maten. Dei ni VG2-elevane ved de andre bordet kan, på si side, nytte anledninga til å feire. Det har dei god grunn til.

– Eg synest vi vann heile greia, held Lyster fram;

– Den absolutt bese rusen er rusen av meistring, og viss de kjenner etter, har vi vore rusa heile veka.

Nøgde med innsatsen

To av laga; «Steikje bra» og «Team Twisted Mix», konkurrerte i semifinalen på Rauma onsdag, medan «Tigergutta» gjekk i elden på Borgrund torsdag. Alle laga kom smertefritt gjennom konkurransen og tok høvesvis 2., 4., og 3.-plass.

Då Katrin Skodjevåg (Team Twisted Mix) deisa ned på ein stol etter å ha stått på uavbroten i nær fire timar onsdag, sa ho: «Veit du ka? Ej kunne faktisk gjort det ein gong til, og ej kunne ha gjort det med ein gong».

Ho smiler når ho tenkjer på det.

– Ja, det var kjekt å konkurrere, og så lærte vi mykje. Det viktigaste var godt samarbeid og å sjå at trening lønar seg, seier ho.

Torgeir Stenersen (Steikje bra) er særs godt nøgd med at laget hans kom på 2.-plass. Faktisk låg dei berre 1,4 poeng bak vinnarlaget.

– Eg synest det er stort å kunne seie at vi har gjort alt sjølve, ned til kvar minste detalj, og så kome på 2.-plass, seier han.

– Våre elevar har komponert menyane, laga til maten, prøva, feila og retta opp, skryter Lyster.

Eit døme var då Fredrik Brubakk skulle lage ostekake for ein månad sidan, og heile kaka rann ut av forma då han tok ho ut av omnen. Den han serverte til gjestane og smaksdommarane i torsdagens semifinale, var derimot så perfekt at ein av smaksdommarane, som driv sin eige restaurant i Ålesund, uttala at han hadde ostekake på menyen og at han gjerne kunne byte ho ut med Fredrik si.

Strengt

Elevane fekk skryt for mykje. Stig Ove Kleppe (Tigergutta) var den einaste som klarte å varmebehandle kyllingen heilt perfekt. Karl Johan Kopperstad Gjerde (på same lag) var 0,1 poeng unna å bli beste servitør. Tigergutta var også best på kommunikasjon mellom kokk og servitør.

– Men dei fekk poengtrekk mellom anna for å ha brukt namnet «lårfilet» om hovudretten, for eigentleg er det eit «industrinamn» om noko du får kjøpt på butikken, seier Lyster, for å illustrere kor strenge dommarane var.

«Steikje bra» skal ha vore best på reinhald og praktisk arbeid på kjøkenet, medan «Team Twisted Mix» nok var best på det visuelle.

– Men sidan dei la opp maten for tidleg, vart den litt avkjølt, så dei fekk poengtrekk, seier Lyster.

Kjekke og inkluderande

Den største komplimenten av alle var kanskje den Ingebjørg Lyster fekk av ein av dei andre lagleiarane på Borgrund ei stund etter konkurransen.

– Læraren sa: «Elevane dine var så kjekke og inkluderande. Elevane mine skrytte av dei», smiler Lyster.

– Det hadde dei ikkje vore viss dei var nervøse. Men dei var trygge på seg sjølve, for dei har gjort at sjølv, og dei gjorde sitt absolutt beste.