Nei, det er ikkje skrivefeil. Johnny Logan var naturleg nok litt ustø i norsken då han prøvde seg på ei folkekjær vise frå Alf Prøysen. Men han skal ha for forsøket, og publikum flira godt. Saman med Hanne Krogh, Thomas Ruud, eit fantastisk band og det lokale koret Tolvtetten, sørga verdsstjerna for julestemning på Fosnavåg konserthus onsdag kveld. Saman stod dei for eit heilskapleg og variert konsept. Dei tok publikum med på ei reise gjennom både juleklassikarar, eurovisjon-hits, operanummer og irske folkeviser, alt sydd ihop med Hanne Krogh si varme forteljarstemme.

Dette var elles berre éin av fleire spennande konsertar som Fosnavåg konserthus har på tapetet no i desember. Over 2200 billettar er selde so langt, og alt tyder på at det blir ei innhaldsrik jul på konserthuset.