– Det var stas å få utmerking som årets spelar både frå trenarteamet og spelarane,- Når det er sagt, skuldast opprykket skuldast god kollektiv innsats frå alle. Det har vore ein veldig fin sesong, seier 23-åringen frå Haugsbygda.

Ingvild bur på Eidsvoll og arbeider i Forsvaret. Ho har spela for Ullensaker/Kisa i halvannan sesong. I år vart sesongen krona med opprykk til 2.-divisjon. I fjor var laget faktisk nær ved å rykke ned til 4.-divisjon.

– Målet var opprykk, og det klarte vi. No ser vi fram mot ein ny sesong, seier keeperen som tidlegare har spela for Gursken, Bergsøy, Hødd og Fortuna.

Vi gratulerer keeperen med opprykk og kåringa(ne)!