«Musikk av sjeldne nyansar og subtilitet» og med tekst som kan hevde seg som ein «utfordrar for beste tekst i 2018». Slik skildrar musikkmeldarar i dei britiske storavisene, «The Guardian» og «The Sunday Times», musikken til Othalie Husøy. Ved sida av økonomistudiar på Universitetet i Ås, har jenta frå Dragsund det siste halvåret nemleg gitt ut to singlar i det som kan omtalast som ein nisje-sjanger, elektronisk klubbmusikk. Dei to singlane heiter «One of the girls» og «I’m on top». Også på musikkbloggen «Pitchfork», får Husøy skryt.

– Debutsingelen frå den norske produsenten Otha (aka Othalie Husøy), er ei dansegolvshymne som aldri vil forlate deg, skriv ein av bloggforfattarane.

– Stort

Vi snakka med Othalie denne veka. Ho fortel at dette er omtalar som heng svært høgt for ho.

– Det er veldig stort for meg. Som om det ikkje var stort nok å vere nemnt i to av London sine større aviser, har eg blitt meldt av Pitchfork. Det er min favoritt-musikkblogg. Det er der eg sjølv finn ny musikk. Å få positiv omtale der betyr mykje, seier 24-åringen.

Vidare presenterer ho kva dei to låtane handlar om.

– Den fyrste låten mi, «One of the girls», handlar om å ta kontroll over eige liv og ikkje la folk bestemme over deg. Den andre er meir ei partylåt som handlar om å ha lyst ut og feste, samtidig som ein ikkje orkar å gå ut, forklarar ho.

Kjem med «jamming»

Musikken hennar har ikkje ei fast inspirasjonskjelde.

– For det meste oppstår både melodi og tekst gjennom «jamming». Musikken blir på ein måte til gjennom at vi sit og spelar, og berre finn på ting undervegs. Om det er melodi eller tekst som kjem fyrst, er heilt vilkårleg.

(Saka held fram under)

Ambisjonar

Folk i våre dekningsområde kjenner kanskje Husøy igjen. Jenta har nemleg deltatt fleire gongar på konsertar lokalt, mellom anna gjennom UKM. Ho har gått på Kongshaug musikkgymnas og har alltid hatt musikken som hobby og interesse, heil sidan ho i 8-9-årsalderen lærte seg klassisk piano. No har ho etter kvart bevega seg over i den meir elektroniske musikkverda, og trivast med det.

– Eg tenker at dette er ein sjanger som passar meg. I fyrsteomgang er det denne typen musikk eg satsar på, seier ho.

Sjølv om Husøy vert ferdig med ei bachelorgrad i økonomistudiet i mai, er det musikken som står ho nærast. Ho er klar på at det er her hennar ambisjonar ligg.

– Eg er klar for å legge frå meg andre ting i favør for musikken, noko eg også jobbar for, seier Husøy.

Syng på By: Larm

Ho jobbar jamt og trutt med å lage ny musikk. Med seg på laget har ho med seg kjærasten, Tyler Johnson, som også har ei sentral rolle i utviklinga av musikken. Saman jobbar dei også med å booke ein liten turné.

Elles er det vert å nemne at «Otha» skal stå på scena under By: Larm, ein viktig og stor musikkfestival i skandinavisk musikkbransje, der fleire har fått sitt gjennombrot.

Til slutt er det vert å nemne at begge dei to låtane til Otha er å finne på Spotify, samt at ho har ei eiga artistside på Facebook og på Instagram.