Det seier Kjartan Sundnes, som er ein av fleire som har opplevd å få avslag på byggjesøknad med krav om skredvurdering av området før godkjenning frå kommunen.

Skjul for sauene

Sundnes skulle byggje eit skjul for sauene sine i hellinga ovanfor garden, men måtte fyrst ta kostnaden med å engasjere geolog til å gjere ei nærare rasfarevurdering av området i Torvika. Dermed blei saueskjulet til 100.000 kroner om lag 15.000 kroner dyrare enn det ville ha blitt utan å måtte hyre inn den geologiske ekspertisen.

Fekk hakeslepp

– Eg fekk nærast hakeslepp då det kom brev med avslag på ein byggjesøknad som eg rekna for å vere ei heilt kurant sak, seier Sundnes.

Sundnes seier at med tanke på den seinare tids fokus på klima og ras, ville han hatt større forståing for kravet om rasvurdering viss det var eit bustadhus han skulle byggje. Men når det dreia det seg om eit lite skjul for sauene som går og beitar i det same området, så blir det noko heilt anna og litt vanskelegare å forstå nødvendigheita av.

– Er det verkeleg nødvendig at eit regelverk skal vere så firkanta som det vi møter i skredsamanheng, spør han.

Konklusjonen til geologen var som forventa, og etter månader med venting fekk Sundnes lov til å gå i gang med prosjektet sitt.

Skulle berre ha større hage

Minst like overraska som Sundnes blei huseigaren på Gurskøya som berre skulle utvide hustomta si litt og søkte om frådeling av ein teig på garden. Trass i at han ikkje hadde planar om å byggje noko som helst på det nye arealet, var kravet om skredvurdering like bastant for han som for sauebonden i Torvika.

– Dermed kom frådelinga til å koste oss 40.000 kroner når avklaring av rasproblematikken kom på toppen av dei ordinære frådelingskostnadene, seier han.

Han fortel at i tillegg til geologen si rekning på 14.000 kroner, skulle også kommunen ha 5000 kroner for å lese rapporten som konkluderte med at der ikkje var nokon rasfare.

Det er likevel ikkje kommunen dei to er ute etter å «ta», men reagerer på regelverket som er så firkanta at det ikkje tillet noko form for sunnt bondevit.

– Noko som vi også reagerer på er at ingen har gått ut med noko slags informasjon til folk som blir råka av skredfareproblematikken. Og det blir ikkje få når vi veit korleis topografien ser ut her på æyane, seier Sundnes.

Han meiner at om det verkeleg hadde vore så alvorleg som fylket vil ha det til, burde grunneigarane i alle fall fått eit hint om det. Då er det trass alt liv og helse det dreiar seg om.

Presisering om gebyr

Herøy kommune har ikkje teke noko ekstra gebyr i samband med geologirapportane vi skreiv om i førre avis.  Gebyret på vel 5000 kroner gjeld dispensasjon og frådeling, og hadde ifyglgje kommunen blitt utskrive uavhengig av om det var kravd geologisk vurdering. Vi seier oss leie for den misvisande formuleringa  «kommunen tok også 5000 kroner ekstra for å lese den geologiske rapporten».

– Ikkje rom for skjøn

– Slik er lovverket, og det må vi forhalde oss til.

Det seier Ole Magne Rotevatn, som er avdelingsleiar for utvikling i Herøy kommune. Rotevatn fortel at begge desse tilfella ligg innafor det som i kommuneplanen er definerte som aktsomheitssoner.

– Lova er ganske enkel i denne samanhengen. Tilstrekkeleg tryggleik mot ras skal dokumenterast, og  anten det er noko som skal byggast eller om det berre gjeld ei frådeling, så er lova klar, forklarar han.

Ifylgje Rotevatn er desse aktsomheitssonene i kommuneplanen så grovmaska og viser berre eit teoretisk farepotensiale at ein ikkje fann å kunne gå ut til alle med brev. Aktsomheitssonene kjem frå Noregs vassdrags- og energidirektorat og er berekna ut frå helningsgrad og jordsmonn. .

Må ikkje forvekslast

Rotevatn understrekar at desse aktsomheitssonene ikkje må forvekslast med faresonene, som blei definerte gjennom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) si kartlegging  av område med potensiale for skred i Herøy. Denne kartlegginga i 2015 munna ut i ein rapport, med eit gradert fare-

sonekart der NVE har gradert faresona frå S1-S3 ihht. Byggetknisk forskrift.

Store område på øyane i ytre Herøy, samt Moltu og Sandvika på Gurskøya, har fått denne graderinga. Men i motsetning til i aktsomheitssonene, er farenivået i desse områda allereie definert og eigedomane plasserte i tryggleiksklasser ut frå konsekvensen av ei skredhending. Alt etter farenivå blir det stilt krav til sikring.

Folk som bur i desse områda har også fått varsel frå kommunen, og Rotevatn kan vise til at det i 2016 blei sendt varsel til ni grunneigarar i den strengaste  tryggleiksklassa. I denne klassa er sannsynlegheita for skred vurdert til eitt per hundre år.

Til saman førti grunneigarar er varsla om at dei er innafor den nest strengaste klassa med eitt skred per tusen år.

I den strengaste klassa (S1) kan det til dømes berre byggast garasjar og naust utan krav til sikring. Den nest strengaste klassa (S2) gjeld for bygningar (einebustader og tomannsbustader) der opp til ti personar oppheld seg meir eller mindre permanent.

Prøver å rettleie

Ifylgje Rotevatn er dette med skredvurdering ikkje noko nytt, men noko som har kome meir i fokus den seinare tida. I tråd med det har kommunane og fylkeskommunane måtte skjerpe inn praksisen.

– Vi forventar ikkje at folk skal greie å sette seg inn i alt som regelverket omfattar. Men vi prøver å rettleie folk som best vi kan, seier han.