Det uttrykte fem samstemte representantar for trimgruppene i idrettslaga i Sande tysdag ettermiddag. Då hadde dei fått Sparebanken Møre si jubileumsgåve på 175.000 kroner.

Pengane går til innkjøp av fem sikteplater på lokale fjelltoppar: Nonshornet på Kvamsøya, Rinden på Sandsøya, Veten på Larsnes, Storetua i Gursken og Hidsegga i Gjerdsvika.

Gjekk saman om søknad

– Vi gjekk saman om ein felles søknad om jubileumsgåva, og jammen slo det ikkje til. Dette var kjempestas, sa Trygve Gaustad frå Larsnes IL si trimgruppe under tildelinga som fann stad i Sparebanken Møre sine lokale på Larsnes.

Banken fyller 175 år og gjekk i haust ut med følgjande melding: For å markere jubileet vil banken gje ei gåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane der banken har kontor. Innbyggjarane vart i neste omgang oppmoda til å kome med forslag til prosjekt som kan bidra til å gjere Sande til ein endå betre kommune å bu og leve i.

Ein verdig vinnar

– Blant alle dei gode forslaga som kom inn, har vi funne ein verdig vinnar, seier Kjell Ove Vasstrand i Sparebanken Møre.

Juryen i Sande bestod av Dag Vaagen, Brit Synnøve Bringsvor Våge, Sindre Slettestøl, Christina Skarmyr Beitveit, Gjertrud Vik og Kjell Ove Vasstrand. Dei grunngir tildelinga slik:

– Det er eit godt prosjekt som mange får nytte av. Spesielt barn og unge vil ha nytte og glede av å lære heimtraktene sine å kjenne. Det er eit positivt bidrag til folkehelsa. Prosjektet er av varig karakter.

15 kandidatar i Sande

Då oppmodinga om å foreslå kandidatar kom, let engasjementet ikkje vente på seg. Totalt i Sparebanken Møre sitt område kom det inn heile 1.300 forslag. I Sande kom det inn forslag om 15 ulike prosjekt eller mottakarar.

– Vi har blitt storleg imponerte av engasjementet rundt jubileumsgåva. Det gir oss nok ei stadfesting på at vi opererer i eit område med mange eldsjeler med idear, skaparglede og gjennomføringsvilje. Det var stor breidde og høg kvalitet i forslaga som kom inn, og vi vil takke kvar og ein som har engasjert seg, seier banksjef Kjell Ove Vasstrand.