– Det kom veldig overraskande på meg. Ein kveld eg var på veg heim, fekk eg ein telefon frå eit heilt ukjent nummer. Fyrst trudde eg det var ein seljar, men til mi forbausing var det grafikar Eli Hovdenak, som kunne fortelje at eg hadde blitt tildelt eit legat. Det var naturlegvis ei heilt fantastisk kjensle, seier Katrin Berge.

«Ellen og Chrix Dahls legat». Kva er det, spør du? Chrix Dahl, ein sentral målar og grafikar i norsk kunstliv, og hans kone, Ellen, testamenterte delar av sitt bu til eit stipendlegat for norske bildekunstnarar. Kvart år deler styret i dette legatet ut eit stipend til ein kunstnar dei meiner fortener det. Og i år gjekk det altså til Katrin frå Fosnavåg, no buande i Bergen.

– Eg hadde faktisk aldri høyrt om dette legatet før eg fekk telefonen. Dette er ikkje noko ein søkjar om. Det er ei utmerking ein blir tildelt på bakgrunn av arbeidet sitt. Det gjer det heile endå kjekkare, seier ho.

Vil vere til stor hjelp

Etter seks års utdanning frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen, forsøker Berge å ha kunsten som sitt hovudverke, ved sida av ein liten deltidsjobb i bokhandel. No gjer stipendet frå legatet det mogleg for ho og vie endå meir tid og ressursar til det ho trivst aller mest med: Å teikne og utarbeide bildekunst.

– Dette vil hjelpe meg stort i to prosjekt eg har gåande akkurat no. Det fyrste er ei bildeutstilling, som eg planlegg i Bergen i slutten av 2019 eller i starten av 2020. Samstundes har eg eit mål om å jobbe med eit bokprosjekt, røper illustratøren.

I «Juleroser»

At det var akkurat Katrin som fekk denne utmerkinga, er kanskje ikkje så rart når ein ser arbeidet til kunstnaren. Arbeid som elles vil vere synleg for heile det norske folket no i jula. For i tillegg til legatet, er Berge aktuell med illustrasjonar i det tradisjonsrike jule-bladet «Juleroser», eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944, og som fått nytt liv dei siste åra.

– Eg vart kontakta personleg av Herborg Kråkevik (redaktør), som har pusta liv i den gamle tradisjonen. Ho spurte meg om eg kunne tenke meg å bidra til årets utgåve, eit tilbod eg ikkje kunne takke nei til. Eg brukte godt over ein månad av sommaren på å utvikle og teikne tre illustrasjonar. I tillegg selde eg to teikningar eg har laga før, til årets utgåve. No blir heftet selt over heile landet, seier ho nøgd.

Teikningane ho har laga står til tekstar som er i bladet. Tekstane har likevel ikkje lagt særlege føringar for akkurat kva ho har teikna.

– Eg fekk ganske frie tyglar, og eg hadde som utgangspunkt at det skulle ha noko med jul å gjere.

Ho bruker å leggje mykje research i arbeidet sitt, forklarar ho.

– Eg kan bruke timevis på å fordjupe meg i det eg skal portrettere og illustrere. Dette gjer eg fordi det gjer arbeidet mykje meir interessant, og eg håpar at det skal vise igjen i kunsten min og vekke undring hos betraktaren. Det er viktig for meg at eit arbeid er gjennomtenkt. Samtidig blir det lettare for meg å rettferdiggjere dei vala eg gjer undervegs i prosessen.

Dyr

I dei illustrasjonane Katrin teikna spesifikt for årets «juleroser», har ho valt eit tema som står hennar stil nær: dyr.

– Eg er veldig glad i å teikne dyr og ting frå naturen. I desse illustrasjonane har eg teikna ei mus, ei flaggermus og ein gjerdesmett. I tillegg har eg henta inspirasjon frå gamal, tradisjonsrik julepynt. Til dømes kjenner folk kanskje igjen porselensnissen på bildet med musa?