– På Voksa var det ille før, og no har det blitt vesentleg verre. Dette går på sikkerheita laust for pasientar, passasjerar, mannskap og utstyr.

Det seier dagleg leiar Jarle Støylen i Sande Båtutleige AS, selskapet som eig og driv ambulanse- og passasjerbåten «Ambu».

Ambu-kai utan skjerming

Brukar Ragnar Kvamme har i det siste vore vitne til utfordrande situasjonar for ambulansebåten. Den vesle flytebrygga på Voksa som er øyremerka for ambulansebåten ligg like nord for ferjekaia. No er platene ved fenderrekkja til ferjekaia fjerna, og dermed kjem det langt meir sjø rett inn mot ambulansebåtbrygga.

Oppgitt ambulansebåteigar

Det siste kan Jarle Støylen stadfeste.

– No er det heilt på grensa til det uforsvarlege. Vi har i mange år utfordra kommunen på desse forholda. Det er sendt gjentekne e-postar til administrativ og politisk leiing om vanskane på Voksa, seier Støylen til Vestlandsnytt.

Han seier det er dårleg med respons å få frå kommunen, og må difor konkludere med at det er lite vilje til å gjere noko med saka.

– Både når båten skal lande inn mot ferjekaia eller ved flytebrygga nord for ferjekaia er det til tider svært vanskeleg å treffe skikkeleg. Vi har hatt fleire skadar på båten opp gjennom åra. På Voksa er det tøft både i nordlege og sørlege vindretningar. No må noko gjeras, og etter mitt syn er dette ei sak som bør få høg prioritet, seier Støylen.

Han opplyser at Sande Båtutleige har varsla kommunen om at ei løysing som vil betre forholda, er å flytte til Voksa ei betongbrygge på Larsnes som no skal vere ledig.

Kommunen prioriterer saka

Leiar i teknisk eining, Kjell Martin Vikene, seier kommunen ikkje har ledige brygger til føremålet.

– Om det er gjestebrygga på Larsnes dette gjeld, så er ho bunden opp når det gjeld bruken, i høve til tilskotsmidlar som gjeld sjølve bruken av kaia, seier Vikene.

Han opplyser at Sande kommune for eit år sidan tok opp forholda rundt ambulansebåtkaiene med vegmyndigheitene.

– Vi kjenner til at forholda spesielt på Voksa er utfordrande, og vi er i dialog med vegvesenet og helseføretaket om få på plass betre løysingar. Dette er ikkje eit ansvar for kommunen åleine. Økonomisk skal også helseføretaket bidra når det gjeld ambulansebåtkaier, seier Vikene.

– Vi håpar på eit møte om denne saka, og nokre saker innanfor same segmentet, før jul. Saka har høg prioritet, lovar Vikene. Han legg til at eit viktig punkt for kommunen når det gjeld Voksa, er korleis ein kan knyte ambulansebåtkaia saman med ferjekaianlegget.

I eit ferskt brev frå rådmannen som er sendt til vegvesenet blir situasjonen på Voksa spesielt omtala. Elles er Sande kommune ivrig etter å få avklaringar på oppgraderinga av ferjekaier.

– Vi ser av fylket sin økonomiplan at utbetring av ferjekaier ligg inne i siste del av planperioden. Vi ønskjer å få ein oppdatert status på korleis ferjekai-installasjonen i rute 01 er tenkt oppgradert, heiter det i brevet.

Ferjekaiene sin tilstand kan stoppe bruk av nyare fartøy

Elles kan vi merke oss at ferjekaiene i rute 01 har statusen «kritisk dårleg standard». Her skal det etter planen inn nye ferjer frå 2022.

Utfordringa er at det i fylkeskommunen sitt langtidsbudsjett ikkje ligg inne nok midlar til å få kaiene ferdige i tide til nytt anbod og nye ferjer skal på plass.

Difor kan det vere grunn til å frykte at ferjekaiene i seg sjølv vil sette ein stoppar for nye ferjer i dette sambandet, også etter 2022.

– Vi ser heilt klart med bekymring på at fylkeskommunen sitt budsjett ikkje ser ut til å ta høgde for at kaiene skal vere klare til å ta imot planlagde nye ferjer etter 2022. Det er mellom anna det vi ynskjer å få fokus på i møtet med vegvesenet, kommenterer rådmann Oddbjørn Indregård.

I det nemnde innspelet ber Sande kommune om å få meir informasjon når det gjeld den nye anbodsperioden på rute 01 der ein skal operere med to ferjer. Mellom anna vil ein vite korleis fylkeskommunen/vegvesenet tenkjer dette med liggekai.

Dessutan minner kommunen om at biloppstillingsplassen ved Årvik ferjekai framleis ikkje er realisert. Her ber ein om ein status på vidare planar.