- Politiet har gjennom dei siste dagane arbeidd intenst med å løyse denne saka. Tre menn frå Søre Sunnmøre har status som sikta i saka. Det er gjennomført ransaking og beslag på ei rekke adresser, der politiet har gjort beslag av våpen tilhørende Vartdal skytterlag, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

I samband med denne etterforskninga har politiet også kome over rifler og ammunisjon som viser seg å stamme frå eit våpentjuveri frå ein bustad i Ørsta tidlegare i haust.

- Det blei under ransakingane funne store mengder våpen, både registrerte og uregistrerte våpen,  ammunisjon, TNT, fenghetter, tennlunter, ulike våpendeler. Det er også gjort eit større beslag av våpen på Austlandet, som ei fylgje av vår etterforskning. Vi har valt å prioritere etterforskninga høgt fordi det knyter seg stor risiko å ha så mykje våpen utanfor kontroll, seier Hjelle.