Kommunen har behov for arealet sjølv, slår kommunalsjef Jarl Martin Møller i eit svar til husfirmaet.

Tømrerservice meiner makebyte vil vere fornuftig for å hindre at både dei og kommunen blir sitjande igjen med restareal som ikkje kan brukast. Henning Heltne foreslår difor at dei får areal til sine tomter med kommunen, mot at dei avstår areal som kommunen treng.

Tømrerservice treng ei avklaring då dei ønskjer å starte opp prosjekt på sine tomter.

Men etter Møller si vurdering vil kommunen trenge arealet som ein eig i samband med utbygging av det kommunale bustadfeltet. Utbygginga er med i kommunen sine investeringsplanar for 2020.