Hareid, Herøy og Ulstein er framleis dei som slit mest med å få arbeidsløysa ned på eit «normalt» nivå. Hareid toppar i fylket med sine fire prosent, og blir etterfølgd av Herøy (3,9) og Ulstein (3,6). Tek ein også med Sande (3,3) så utgjer desse kommunane «topp fire» i arbeidsløyse i fylket no ved utgangen av november.

Vanylven plasserer seg derimot i den andre enden av skalaen. Der er det berre 1,3 prosent av den totale arbeidsstyrken som for tida ikkje er i arbeid.

Gjennomsnitten i fylket er på 2,2 prosent.

Hareid og Ulstein fekk nokre færre arbeidsledige siste månaden. Dei andre gjekk litt opp.

God utvikling

Fylkesdirektør Stein Veland i NAV viser til at Møre og Romsdal er inne i ei god utvikling med ein nedgang i arbeidsløysa på over ti prosent det siste året. Til saman er nedgangen i landet på 2,8 prosent.

– I gruppa unge under 25 år har arbeidsløysa auka noko, medan gruppa 25-30 år har hatt ein reduksjon på heile 17 prosent.