– Det heile oppstod som ein idé då eg og Erika var ute og plukka søppel i fjøra i Mulevika. Fyrst var det berre ein vits, men etter vi fortalde om det til Charlotte, blei det fort alvor ut av det.

Isabella Lang, Erika Jasiūnienė og Charlotte Hauge sit på golvet på Runde Miljøsenter med kvar sin limpistol i handa. Dei vitsar og flirer om det heller utradisjonelle juleverkstad-konseptet dei har kome opp med: julepynt laga av marin forsøpling.

– Eg synest dette var ein kjempefin tanke, og den passa fint inn i plastutstillinga til Runde Miljøsenter, smiler Hauge, og held opp ei lang pynte-lenkje av bruskorkar, snusboksar og alskens anna rot.

Dei tre damene har laga fleire variantar, alle i ulike fargar. I tur og orden heng dei det opp på juletreet som står og pryder restauranten.

Bra for synleggjering

Kva som får plass på treet, er tilsynelatande litt tilfeldig. Men at det er tilfeldig, er i og for seg meiningsberande, forklarar Isabella og Erika.

– At der er so mykje forskjellig er representativt for den marine forsøplinga vi har sett når vi er ute og plukkar. Vi finn alt mogleg. Såleis meiner vi dette er eit fint tiltak for utstillinga. Det synleggjer mangfaldet som har skuld i den marine forsøplinga og kor omfattande det eigentleg er.

– Gjer gjerne som oss

Det er kanskje ikkje julepynt for allmugen, og dei tre vil nødig oppmode folk til å drage forsøplinga inn i eiga stove.

– Men klart, vi meiner dette er ein type prosjekt som skular og barnehagar gjerne kan adoptere. Det er ein fin måte å informere og lære om viktig arbeid, seier Hauge, og legg til:

– Men hugs for all del å vaske plasten før du skal bruke den til slike kreative formål.

Førebur workshop

Elles kan Hauge opplyse om at dei emnar på ein stor workshop på miljøsenteret i januar. Her er målet og samle alle frivillige søppel-plukkarar i regionen til eit felles møte med opplæring og inspirerande aktivitetar.

– Men meir kan vi ikkje røpe no, avsluttar Hauge.