Herøy Janitsjar og Herøy Kulturskule går saman om å lage ein draumekonsert for dei minste. Vi inviterer til ein heilt spesiell barnekonsert i Herøy Kulturhus laurdag 8. desember. Medlemmane i Herøy Janitsjar er klare for å gje små og store barn ei knaskjekk musikalsk hyggestund. Vi slenger på oss eit kostyme og stuper inn i ei verd som er ekstra festleg for barn mellom to og sju år. Den er rett og slett skøy for alle som likar å vere både barnleg og barnsleg. Uansett alder. Og veit du kva? Arrangementet er gratis!

Ansiktsmåling og ballongfigurar

Dørene opnar ein heil time før konserten startar, og her skjer det mykje kjekt. Det fyrste kvarteret vil elevar frå Herøy Kulturskule underhalde. Om du tek på deg eit kult kostyme, står ansiktsmålarane våre klare til å male noko som passer til det du har på deg. Klovnen Fix lager ballongfigurar eller ein stilig ballonghatt til deg. Har du kledd deg ut som Kaptein Sabeltann, kan du kanskje ønskje deg eit ballongsverd! Om du vil kjøpe lodd, kan du vere trygg på at alle gevinstane er artige ting for barn. Det stiligaste av alt er at det er sjølvaste julenissen som deler ut gevinstane til dei som vinn. Det vert kafékos med pølser og saft. Er du ein kaffetørst kakemons, finn du eit hav av nydelege gastronomiske freistingar i kaféen vår.

Musikk som barna kjenner godt

På programmet står det musikk som barna elskar! Konserten opnar med «The bare Necessities» frå «Jungelboken». Har du nokon fjasete jungellydar på lager, så er det supert om du ropar dei ut når vi dansar oss inn på scena til tøffe jungelrytmer frå trommeslageren vår.

Karsten og Petra

Vi flyttar oss frå jungelen og inn i Karsten, Petra, Frøken Kanin og Løveungen si verd. Likar du «Fly, ja fly av sted»? Denne dagen kan du synge den saman med musikantane frå Herøy Janitsjar. Her får korpset truleg songhjelp av mange barnehagebarn. Vi viser teksten på lerret så alle kan vere med å synge.

Trollete solist

Herøy Janitsjar ønsker å vise fram eit instrument som sjeldan får spele solo. Magnus Vidarsson Sæter spelar bassklarinett på «Skogtrollet», og det skal ikkje forundre meg om han kler seg og kanskje ter seg litt trollete óg.

Musikkeventyr med prompehumor

Etter at Magnus har trolla frå seg, er det klart for ei aldri så lita eventyrstund. Herøy Janitsjar har eit hyggeleg samarbeid med Herøy Kulturskule. Barn frå teatergruppa er skodespelarar i eit musikkeventyr som heiter «Kongen med den dårlige magen». Dette er konsertens barnslegaste innslag. Publikum får nemleg vere med å lage prompelydar. De får høyre om tre prinsesser, ein prins, kongen med den dårlege magen og kongen sine soldatar. Teaterelevane speler dei ulike karakterane, og Melissa Nerland Paulsen fortel. Dette vert moro.

Trond Viggo Torgersen

Trond Viggo Torgersen har laga ein vittig song som heiter «Det var en gang en … og en ...». Fire av korpset sine medlemmar er solistar, og dei spelar på mange rare instrument. Eg skal synge, og eg legg frå meg dirigentpinnen og erstattar den med ei nål. Her vert det mykje tøys og mange overraskingar. Denne gledar vi oss stort til å synge og spele for dykk.

Kaptein Sabeltann og pausekos

Det siste innslaget før pause blir ei småskummel og spanande oppleving. Det skal spelast og syngast om Kaptein Sabeltann. Kanskje han til og med dukkar opp og har med seg ein heilt fantastisk skatt?

I pausa er kaféen open. Dei som ikkje fekk ansiktsmåling før konserten, kan nytte høvet til å få det før andre avdeling startar. Klovnen Fix har eit lite trylleshow i pausa for dei som diggar tull og tøys.

Juleforteljing og julestemning

Melissa Nerland Paulsen er ikkje berre ein dyktig lærer for elevane sine i Herøy Kulturskule. Ho skriv også skodespel. Melissa og ti teaterelevar vil gi dykk julestemning med «Ei lita juleforteljing». Dette blir ein høydare, og er åleine verd turen til Herøy Kulturhus denne dagen.

På konsertdagen er det berre seksten dagar til julaftan. Da passar det godt med leiken julemusikk. Monicha Lindholt Hagemann legg frå seg fløyta si, triv mikrofonen og syng «Jeg så mamma kysse nissen» for dykk. Herøy Janitsjar akkompagnerer med eit jazzy arrangement.

Jul i Flåklypa og Putti Plutti Pott

Etter strålande skodespelarprestasjonar er musikantane klare for å spele meir av det julete slaget. Neste låt er frå filmen «Jul i Flåklypa». Turen går så vidare til barnemusikalen «Putti Plutti Pott» av Per Asplin. Vi veit at denne musikalen er poppis i Fosnavågen, og vi håpar at de likar vår versjon av «Spikke-sage-lime-banke». Vi håper på songhjelp frå elevar ved Bergsøy skule.

Byggmester Bob

Vi kan ikkje lage ein konsert for dei yngste uten å ha med «Byggmester Bob». Kan det fikses? Klart det kan! Plutseleg har scena blitt til ein byggeplass der dei små kostymekledde får sage, snekre, pusse og synge. Korpset lagar rytmekomp i lag med barna. Når «Byggmester Bob» er ferdig, kan foreldra hente barna på scena og danse seg ut til verdas kulaste «The bare Necessities».

Høyrest dette gøy ut? Då håpar vi at de finn vegen til Herøy Kulturhus den andre laurdagen i desember. Leit gjerne etter arrangementet vårt på Facebook. Der ligg all infoen de treng om konserten. Kom, kom, kom! Vi er vidunderleg klare for å gje dykk ei herleg reise inn i barnas verd.