– Då vi fekk spørsmål om å støtte eit so viktig tiltak med 10.000 kroner for å utdanne nye instruktørar var det ei sjølvfølgje å seie ja.

Det sa banksjef Per Ronald Knutsen då han vitja «Sterk og stødig» si førre trening for å dele ut pengegåva.

Sterk og stødig har som mål å auke tryggleiken til dei eldre.

– Mange heimebuande eldre kan av og til føle seg litt ustø, og blir difor usikre på seg sjølve. Vi har difor starta opp eit treningsopplegg som skal auke styrka og stødigheita deira, slik at dei skal kjenne seg trygge i heimen, seier fysioterapeut Øystein Nerland.

Alder er inga hindring.

– Muskelmassen er like trenbar på ein 90-åring som den er på ein 20-åring, seier Nerland.

Treningstimane inneheld varierte øvingar, og er å rekne som eit førebyggjande tiltak. Det er ope for alle som har ei kognitiv forståing.

Populært tiltak

Sterk og stødig har blitt godt motteke etter opninga i fjor. Der er rundt tjue deltakarar, og der er alltid godt oppmøte. Interessa for å vere med er stor, og på noverande tidspunkt står ein del folk på venteliste, blant anna fordi dei ikkje kan ta inn fleire, då det trengst litt plass for å gjennomføre øvingane.

Ei anna årsak er at dei har for få instruktørar. Difor kjem pengegåva frå Sparebanken Møre godt med.

– Vi treng fleire instruktørar av fleire årsker. Ei av dei er at vi er for få i utgangspunktet, men spesielt no, når Terje skal flytte, er behovet stort, seier Nerland, og spøker med at ein treng dei tre nye instruktørane berre for å erstatte jobben Terje Krogset har gjort.

– Utan deg hadde det nok ikkje vore noko Sterk og stødig, sa Nerland i avskjedstalen til Krogset.

Når Krogset reiser har Sterk og stødig fire instruktørar, samt tre som er under utdanning.

Det sosiale er også viktig

Det er eldrerådet og pensjonistlaga i Herøy som står bak Sterk og stødig. Dei har også fått med seg rehabiliteringsavdelinga. Heile tiltaket er basert på frivillig innsats.

– Vi må få med at vi har vore heldige med lokala i kyrkjekjellaren, som funkar veldig bra, seier Nerland og Krogset samstemt.

Dei to vil også fremje viktigheita av den sosiale biten på samlingane, som for mange er minst like viktig.