Møre og Romsdal fylkeskommune si kvalitetsmelding, som skal til politisk behandling i fylkestinget den 10.-12. desember er no lagt fram. Dette er ein tilstandsrapport for vidaregåande opplæring, basert på statistikk og elev- og lærling-undersøkingar.

- Vi ser at vi har ei svært god utvikling for vidaregåande opplæring i fylket vårt, seier fylkesutdanningssjefen Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune på deira nettside.

Fleire lyspunkt

Meldinga viser mellom anna at rekordmange elevar har fullført og bestått skuleåret 2017-18. Det er ei auke både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. 87,6 prosent av elevane fullførte og bestod skuleåret 2017-18, mot 86,1 prosent året før. Fylket ligg over landsgjennomsnittet innanfor alle utdanningsretningar for fullført og bestått per skuleår. Påbygging til generell studiekompetanse har størst auke.

Samstundes er fråværet stabilt på eit lågt nivå. I løpet av dei siste to åra er fråværet redusert med 2,2 prosentpoeng frå 6,7 til 4,5.

- Desse resultata viser oss at det blir gjort mykje godt arbeid med å tilpasse opplæringa slik at fleire elevar gjennomfører utdanninga. Herfrå må vi berre jobbe vidare, for målet vårt innan 2019 er at 79 prosent av elevane og lærlingane i fylket skal gjennomføre vidaregåande opplæring i løpet av fem år. Dette talet ligg no på 76 prosent, seier Brekken.

Kvalitetsmeldinga syner også at elevane gjennomgåande har god trivsel, nok faglege utfordringar og god støtte frå lærarane i skulekvardagen.

Treng fleire læreplassar

Det er framleis ei utfordring å få nok læreplassar, og behovet for fleire læreplassar er størst innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget og elektrikarfaget.