I førre veke uttrykte Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) skuffelse og bekymring for prosessen rundt bygging av ei ny bru eller ein tunnel mellom Igesund/Kleivavika og Kvalsund. Han etterlyste ein garanti på at løysinga vil vere på plass innan 2022.

– Vi jobbar for å ha ei ny løysing på plass i tide, og det skal vi klare, seier Per Ove Nydal, som er seksjonsleiar for infrastruktur i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nydal ynskjer ikkje å kommentere Goksøyr sine påstandar om at det tok fylkeskommunen fem år å melde seg på, og seier at dei påstandane får stå for Goksøyr si eiga rekning.

Han avviser samtidig at fylkeskommunen har kome i konflikt med Statens vegvesen om kva løysing dei skal gå for. Statens vegvesen er som kjent klare på at ei ny bru vil vere den billegaste løysinga.

– Det er ikkje noko konflikt mellom oss og Statens vegvesen. Dei er kjempeflinke, og er ein viktig samarbeidspartnar for oss. Og eg ser heller ikkje at det skal spele noko rolle om det er vi eller Statens vegvesen som bestiller undersøkingar frå eksterne aktørar, seier Nydal.

Skal velje den billegaste løysinga for ny kryssing

Nydal seier også at det på ingen måte er bestemt at fylket går for ein tunnel.

– Grunnen til at vi skal sjekke ut moglegheita for ein undersjøisk tunnel, er at vi må finne ut kva som er den billegaste og mest fornuftige løysinga. Om ho er under eller over sjøen, vil vise seg, seier han.

Denne undersøkinga vil bli gjennomført so snart som råd, men Nydal er usikker på om ho bør gjennomførast på vinterstid eller sommarstid, og seier at det må vere opp til ekspertane. Fylkeskommunen er i alle fall klare til å bestille ei slik undersøking.

Han ber samtidig om forståing for at Fylkeskommunen har fleire andre prosjekt å jobbe med, og trekkjer fram andre store prosjekt som tilpassing av ferjekaier til miljøferjer, Korsmyra – Indreeide (rassikringsprosjekt), Nordøyvegen og overtakinga av fiskerihamnene frå staten.

Brua blir passa godt på

Når det gjeld Nerlandsøybrua seier Nydal at prosjektet blir tett følgt opp av Statens vegvesen, og at det ikkje er noko som tyder på at tilstanden der har blitt meir alvorleg.