Nyleg sende Sandsøy og Voksa Grendalag eit innspel med tittelen «utkantbutikkar» til leiinga i Coop Vest AS. I brevet, som Vestlandsnytt har fått ein kopi av frå grendelaget, vert det fortalt om auka misnøye over prisutviklinga på matvarene i butikken.

– Det har lenge vore påpeika betydelege prisskilnader samanlikna med andre kjeder, men no er det kome så langt at det faktisk løner seg å reise til andre butikkar dersom ein handlar inn for nokre dagar, heiter det i innspelet frå grendelaget.

30 prosent skilnad?

Laget er kjend med at dette ikkje gjeld berre butikken på Sandsøya, men også andre Coop-butikkar i same kategori.

– Det verserer påstandar om opptil 30 prosent prisskilnad på enkelte samanlknbare produkt, skriv grendelaget i brevet som vart stila til Coop sentralt i februar i år, men først sist veke vart det sendt.

– Vi reknar med at alarmklokkene må ringe hos Coop når ein slik situasjon oppstår. Coop, eller Samyrkelaget som det heitte før, vart stifta på 50-taet av bygdefolket, og har hatt ein sterk posisjon i alle år. Lojaliteten har vore stor, og butikken har overlevd alle dei andre butikkane på øya, skriv laget som representerer «folket», og dermed grunnstammen av dei handlande i butikken.

Grendelaget varslar leiinga i Coop Vest at dei er sterkt uroa over utviklinga.

– Lokalbutikken er mellom dei viktigaste tilboda vi har i utkantane. Vi har friskt i minne eit møte som Coop Vest hadde med bygdefolket, der de antyda at eit samarbeid mellom bygdefolket og Coop var ynskjeleg. Mange var tvilande til det som vart skissert, og utviklinga vi ser no, gjer ikkje saka betre. Vi vonar difor at Coop Vest er interessert i å føre dialogen vidare, og i samarbeid med brukarane kan stoppe handelslekkasjen, heiter det i brevet.

God jobb lokalt

Sandsøy og Voksa Grendalag kjenner godt til aktiviteten til det lokale styret i butikken.

– Dei har eit sterkt engasjement og gjer ein god jobb. Det vil difor vere svært uheldig om prispolitikken til Coop Vest sentralt gjer at deira arbeid ikkje lukkast, skriv grendalaget. Dei ser fram til ei orientering om korleis Coop Vest tenkjer seg den vidare drifta.

Grendelaget strekar innleiingsvis under at deira jobb mellom anna er å fylgje med og varsle når utviklinga går i feil retning og medfører utilsikta belastning for innbyggjarane.

Coop: Vanskeleg å operere med lågare prisar

Driftssjef i det som no heiter Coop Nordvest AS, Ivar Dvergsdal, seier han kjem til å svare på grendelaget si henvending. Han har ikkje sett brevet før no. (brevet vart sendt sist veke, red. mrk)

– Generelt kan eg seie at nettverket av Marked-butikkar eksisterer mellom anna på grunn av at kundane støttar opp om butikkane. Og så kan ein registrere at prisnivået er noko høgare enn elles. Men eg vil hevde at vi konkurrerer på pris med samanliknbare butikkar, mellom anna Joker, seier Dvergsdal.

– Det er vanskeleg å operere med lågare prisar på småplassar der vi finn Marked-butikkane. Samstundes vil eg peike på alle tilboda våre, samt medlemskuppa, som vi får veldig gode tilbakemeldingar på, legg driftssjefen til.

– Vi må berre ha ein margin for å kunne oppretthalde desse butikkane. Alternativet er at vi ikkje kan ha butikkar der, seier Ivar Dvergsdal.

Han avviser elles at prisforskjellen er så dramatisk som det grendelaget fortel om i brevet.

– Vi strekkjer oss langt for å oppretthalde strukturen med Coop-butikkar, også mindre butikkar enn i krinsen der dette utspelet kjem frå. Vi gjer dette fordi vi samstundes også tek eit samfunnsansvar, er tilbakemeldinga frå driftssjefen.

PS: Vi vil presisere at innspelet frå Sandsøy og Voksa Grendalag kom som resultat av eit årsmøtevedtak. Det er ikkje noverande styre i grendelaget som står bak brevet. Brevet vart sendt til Coop sentralt sist veke. Red.