Han er ny administrerande direktør i Møretrygd

Bjarte Vindenes tilsett som ny administrerande direktør i Møretrygd. Han tiltrer i stillinga seinast 01.06.2019.
Nyhende

Bjarte er 46 år gamal, busett i Ålesund og opphavleg frå Nordfjordeid.  Han kjem frå stillinga som senior forsikringsmegler i Aon Norway AS.  Han er utdanna siviløkonom frå NHH i Bergen, med tilleggsutdanning innan forsikringsmekling med spesialisering innan marin-forsikring.