- Målsetjinga er å etablere ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføre Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, i ei pressemelding

Dei to selskapa har gått inn i ein intensjonsavtale om å etablere eit nytt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eige 50 prosent kvar. NSB og Fjord1 siktar mot å etablere selskapet rundt 1. mars 2019.

Reiselivsselskapet skal sjølv, og gjennom partnarar, utvikle og samle reiselivstilbod og opplevingar i heile Noreg. Dei vil ha eit fokus på  tilby miljøvennlege rundreiser som kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar. Selskapet skal bidra til lokal destinasjonsutvikling i heile Noreg, og investere i nye konsept sjølv- og i samarbeid med lokale aktørar. Satsinga skal skape verdi og arbeidsplassar også lokalt, heiter det.

Nye opplevingar

- Turistane som kjem til Noreg følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Vi ønskjer saman med lokale aktørar å utvikle nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, fortel Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet.

Reiselivsselskapet skal elles bidra til meir heilårsturisme, forklarar Netland.

Samarbeider allereie

Dette er ikkje fyrste gongen vi ser samhandling med dei to selskapa. Per i dag samarbeider dei om pakketurar som «Noreg i eit nøtteskal». Det er eit konsept som vert selt gjennom FjordTours AS, der Fjord1 og NSB til saman eig 74 prosent av aksjane.

- Rundreiser som «Noreg i eit nøtteskal» gjer det enkelt for turistane å oppleve norske høgdepunkt basert på kollektivtransport. Vi ønskjer å satse vidare på miljøvennlege rundreiser i heile Noreg, seier Neteland.

Om selskapa

NSB-konsernet består av både NSB Persontog og Nettbuss, og tilbyr kollektivtransport i store delar av Noreg. NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling, som driv Flåmsbana. Fjord1 er Noregs største ferjeselskap og eig 50 prosent av The Fjords, med hybridskipet Vision of the Fjords og heilelektriske Future of the Fjords.