Tidlegare i haust gjekk Sparebanken Møre ut med ei gladmelding. I høve sitt 175 års jubileum, som er i dag, gir dei ut ei gåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane der banken har kontor, deriblant Herøy. Innbyggjarane blei oppmoda om å kome med forslag til prosjekt som kan bidra til å gjere Herøy til ein endå betre kommune å bu og leve i.

– Verdig vinnar

Engasjementet let ikkje vente på seg. Totalt 1300 forslag blei meldt inn. I Herøy kom det inn 48 forslag. Etter å ha vurdert alle dei 48 forslaga, har juryen kome fram til vinnaren.

– Blant alle dei gode forslaga som kom inn, har vi funne ein verdig vinnar. Allmenningskaia vil vere med på å skape trivsel, vekst og utvikling i sentrum av Fosnavåg, noko som gjer at folk vil trivast endå betre og ein skaper fleire stader der folk kan møtast og prate i lag, seier Per Ronald Knutsen.

Juryen i Herøy har bestått av Asbjørn Myklebust, Karoline Velsvik Sivertsen, Britt Paulsen, Solfrid Hagemann, Arnulf Goksøyr og Per Ronald Knutsen.

– Vi har latt oss imponere stort av engasjementet i høve jubileumsgåva. Det gir oss ei stadfesting på at vi opererer i eit område som boblar av eldsjeler med idear, skaparglede og gjennomføringsvilje. Det var stor breidde og høg kvalitet i forslaga som kom inn, og vi vil takke kvar og ein som har engasjert seg, seier Per Ronald Knutsen.

– Må gjerne kome med innspel

– Allmenningskaia har i alle år–og er framleis–viktig for aktiviteten i Fosnavåg. Samspelet mellom båtane og folk på land har alltid har vore stor, og Allmenningskaia er meir enn ei kai. Den er like viktig som ein samlingsplass der folk møtast. Jubileumsgåva kan vere med å utvikle denne viktige og sentrale plassen i kommunesenteret vårt, så det kan kome alle i kommunen og tilreisande til gode, heiter det i juryens vurdering.

Banksjefen fortel vidare at målet er å lage ein lun, sosial møteplass med eksempelvis solide sittebenkar og platting.

– Her er ikkje alle detaljar på plass endå, så folk må gjerne kome med innspel, seier banksjefen.

Stor feiring

I høve jubileet har banken også invitert totalt 8000 innbyggjarar frå heile Møre og Romsdal til gratis jubileumskonsertar i Ålesund og Molde. På scena i Ålesund stod Sigrid, Isak Shorty og Jesper Jenset.