Det seier ein tydeleg stolt lærarved Herøy vidaregåande skule, Ingebjørg Lyster.

Onsdag reiser to av dei tre laga frå skulen til Åndalsnes for å delta i TINE MatCup sin semifinale der. Det tredje laget konkurrerer i Ålesund på torsdag.

– Der er ni elevar i klassa og tre elevar på kvart lag, som består av to kokkar og ein servitør, forklarer Lyster.

Fekk oppgåva i september

«Tema for TINE MatCup 2019 er feiringen av håndballjentenes gullbanketten.

Håndballjentene har tatt VM-gull! Norge elsker håndballjentene og TINE er stolt sponsor av gulljentene.

Server bordet til håndballjentene under gullbanketten.

Tenk at det er nettopp dere som skal lage maten av utsøkte råvarer til bordsetningen på 8 personer».

Slik lydde oppgåva laga fekk tildelt i byrjinga i september. Menyane måtte dei levere innan 1. oktober, og dei hadde ikkje frie tyglar. Dei tre rettane måtte nemleg innehalde ein del bestemte råvarer. I tillegg fekk elevane ei råvareliste dei kunne plukke ytterlegare ingrediensar frå.

– Der var masse vanskelege ingrediensar som det var avgrensa kva vi kunne gjere med. Vi jobba med korleis vi kunne få råvarene til å sjå fine ut i lag, samtidig som det skulle smake godt, seier ein av elevane, Fredrik Brubakk.

– Elevane hang litt med hovudet her førre onsdag; Det var så mykje som enno ikkje var på plass. Eg trur ikkje dei rakk skulebussen heim. Men torsdag retta vi opp feila, seier Lyster.

Ekstra profesjonell rettleiing

Skulen har eit nært samarbeid med restaurant Kami Skotholmen, og har ved fleire høve sendt kokk- og servitørelevar for å hjelpe til på den lokale delikatesserestauranten. Det kom godt med då dei skulle lage til konkurransemenyane.

– Vi inviterte kjøkkensjef Magnus Berseth og eit par andre frå Skotholmen til skulen for å smake på menyane, seier Lyster.

Bergseth si vurdering er som følgjer:

– Utifrå det eg smakte, har elevane ved HVS gjort ein veldig god jobb. Det er veldig høgt nivå på denne matcupen, og det er venta mykje av elevane. Dei har ikkje god tid til å raffinere og finspisse rettane som er sette opp, men eg føler at dei løyste oppgåvene veldig godt. Maten smakte veldig, veldig bra, seier Bergseth.

Seinare fekk han også sjå bilde av nye versjonar av rettane.

Då var det, visuelt sett, blitt veldig mykje betre, seier Bergseth.

Til å forme menyane, har elevane fått hjelp av Anne Ma Solheim i Cann AS, som også er ein av eigarane av Skotholmen.

– Det er utruleg kjekt og lærerikt å få samarbeide med bedrifter, seier Ingebjørg Lyster.