Slik kommenterer adm. dir. Fredrik Remøy vekstambisjonane til Rem Offshore. Berre to år etter at dei blei slukte av Solstad, sit Fosnavåg-selskapet i dag med ein flåte på ni offshorefartøy.

Dei to siste blei kjøpte sist veke, og er supplyskip nummer fem og seks i flåten til det hurtigveksande herøyreiarlaget.

I tillegg består flåten av to konstruksjonsskip og eitt seismikkskip, samt eit tiande fartøy som selskapet har inne på kontrakt.

– Vi må vekse på land også og søkjer for tida etter meir folk, legg Remøy til.

På sjø og land har Rem Offshore no om lag 270 personar i organisasjonen.

To nye supplyskip

Den nyaste tilveksten til Rem-flåten, som er supplyskipa Brage Supplier og Brage Trader, vart kjøpte frå det Bergen-baserte kommandittselskapet Brage Supplier for ein pris som Remøy vil seie seg godt fornøgd med.

Han fortel at dei har fått ei veldig gunstig finansieringsordning på skipa, noko som gjer at kjøpet tæra relativt lite på eigenkapitalen.

Båtane går no inn i eit nytt skipseigande dotterselskap der Rem Offshore eig 60 prosent og resten er fordelt på investorar i det seljande selskapet.

Gudstig tidspunkt

Samtidig som mange i bransjen ligg nede for teljing, er Rem Offshore i vekst og framstår som eit lysande element i eit elles dystert offshorelandskap.

Remøy seier at for den som har tru på framtida, er det no eit gunstig tidspunkt for investeringar. Sjølv om bildet framleis er uoversiktleg, og usikkerheita i marknaden er stor, har investorane bak Rem Offshore tru på at betre tider vil kome.

– I enkelte segment ser vi at marknaden er betydeleg betre enn han var ved inngangen til 2018. Om oljeprisen rett nok har snudd ned igjen i det siste, ser vi også at kontraktane i dag blir inngått på eit betydeleg høgre nivå enn for eit år sidan, seier Remøy.

Dette gjeld særleg innafor PSV, men ein ser litt av same tendensen også innan subsea og seismikk.

Kan kome fleire

Ønskjet om å byggje eit nytt reiarlag har altså på berre to år resultert i ein flåte på ni fartøy. Og det er ikkje noko som tyder på at det blir sett punktum der.

Ifylgje Remøy ser dei for tida på to-tre investeringar til som det kan bli aktuelt å gå inn i. Kan hende så tidleg som før utgangen av året.

– Rem Offshore har eit godt namn mellom bankar og investorar, og vi blir vurderte deretter. Bankane er opptekne av å vedlikehalde verdien på investeringane sine, og dei ser at vi leverer gode resultat, held båtane i drift og er i stand til å ta vare på verdiane, seier han.

Gode resultat

Gode resultat er etter måten uvanleg i offshorebransjen i dag, men Rem Offshore er eit døme på at det også finst unntak i ein elles grå kvardag. Drifta går godt, og selskapet kan vise til ei veksande behaldning av kontantar.

– Samanliknar vi drifta vår med andre i bransjen så vil vi sjå betydeleg betre resultat enn det vi har sett er levert av andre, seier han.

Rem Offshore rapporterer ikkje kvartalsvis, men nøyer seg med den årlege rapporteringa.

Alle på kontrakt

Til liks med resten av Rem-flåten er også dei to nyinnkjøpte fartøya på kontrakt. Fyrste opsjonen vil slå inn i månadsskiftet mars/april neste år. Dei andre kontraktane er av varierande lengd.