– Er det ein byggjeprosess eg veit mykje om, so må det vere denne. Markus og Henrik (barnebarna, journ.anm) har heldt meg orientert heile vegen. Dei har fortalt om kor mange lastebilar som har vore innom og om kva gravemaskina har gjort den og den dagen. Eg er vel ikkje den einaste bestefaren som håpar at det blir mange flinke bygningsarbeidarar av den gjengen her, sa ordførar Dag Vaagen då han heldt opningstale for den nye avdelinga i Haugelia barnehage.

Vaagen uttrykte også begeistring for det ferdige resultatet.

– Det har blitt eit fantastisk anlegg, gratulerer til alle med det.

Han følgde opp med å skryte av innsatsen som har vore gjort av alle involverte.

– Det er berre rundt eit halvår sidan byggjestart, og no er det ferdig. Det vil eg kalle ei rask framdrift, sa Vaagen.

Nesten normal barnehagedrift

Også dei barnehagetilsette fekk godord frå ordføraren.

– Det kanskje mest imponerande er at ein har klart å drifte barnehagen under heile byggjeperioden, spesielt med tanke på den trafikken her har vore inn og ut av byggingsarbeidarar, sa Vaagen og sette i gong ein applaus.

– Barnehagedrifta har stort sett gått som normalt i Haugelia trass litt innskrenka uteområde, med unntak av ei kort periode der vi måtte «flykte» til Gursken oppvekstsenter, kunne styrar i barnehagen Lisbeth Nykrem opplyse.

– Borna skal ha det beste

Prosjektleiar Kjell Hauge kunne fortelje litt meir om prosessen.

– Vi fekk i oppgåve å bygge ut barnehagen for å gjere han meir funksjonell. Vi såg raskt at det største behovet var ei ny personalavdeling og småbarnsavdeling. I byggeprosessen har vi vore heldige med kjempeflinke entreprenørar som har vore nøkkelpersonar for at vi skulle ende opp med ein so flott barnehage, sa Hauge.

Han er nøgd med resultatet.

– Vi har fått til fine areal og bygd ein barnehage etter dei krava som blir stilt av miljøretta helsevern i barnehage og skule. Vi har prioritert at borna skal ha det beste, avslutta Hauge.

– Nødvendig utviding

Styrar Lisbeth Nykrem er svært glad for utvidinga.

– Dette var ei nødvendig utviding, og det har blitt kjempefint her. Har du forresten sett personalavdelinga i 2. etasje? Den er verkeleg flott, seier Nykrem til lokalavisa og ber oss ta ein tur opp for å sjå.

Og ho tek ikkje feil, det er ikkje berre småbarnsavdelinga i Haugelia som har blitt verkeleg flott. Personalavdelinga er nok ei av dei finare i området vårt, eit syn Sande-ordførar Dag Vaagen også sat att med etter si synfaring. Ordføraren verka nesten litt misunneleg.

Barnehagestyrar Nykrem kan elles opplyse at dei no har plass til 36 born i barnehagen, og at det framleis er dei som står på venteliste.

– Sviktar om vi ikkje har eit godt barnehagetilbod

Ordførar Vaagen hadde også litt å fortelje om viktigheita av eit godt barnehagetilbod.

– I Sande kommune har vi ei målsetjing om eit godt barnehagetilbod i alle bygder, både når det gjeld kvalitet og dekning. Vi sviktar innbyggjarane våre om vi ikkje har god barnehagedekning, sa Vaagen, og streka under kor viktig utvidinga av barnehagen i Haugelia er for utviklinga i Haugsbygda og i Gursken generelt.