Arnljot Muren (Ap) sette tonen gjennom eit innleiande innlegg der han varsla at det vil kome eit initiativ frå opposisjonspartia som går meir på samarbeid og handling attmed næringsliv og innbyggjarar.

– Folketalet går nedover. Vi bør ta ein dugnad for å få meir fart over utviklinga. Vi bør sjå på alle bygdene og skulane, fokusere på befolkningsvekst og familiane som bur her. I Sande sit vi stille i båten og let ting skje, sa Muren.

Ruth Anita Hatlebrekke Rekdal (H) var på linje med fleire av Muren sine tankar. Ho hadde nett vore på ei samling i regi av Arena Sunnmøre, med skulen som tema.

Elevane sin kvardag

– Vi bør spørje oss kva våre eigne haldningar til inkludering er. Kva har elevane behov for? Også born og ungdom bør få uttale seg. Vi snakkar mykje om pengar, men lite om elevane sin kvardag. Ansvaret vårt er å ruste dei yngre til livet vidare, sa Rekdal.

Ho lanserte også tanken om å late klasser med veldig få elevar – til dømes på Sandsøya og Gjerdsvika – til å vitje større skular eit par dagar i veka, for å sosialisere seg meir.

Bjørn Flatøy (Sande vest) slo fast at mykje har vore feilslått i politikken opp gjennom åra, og meinte gratistomtene vart bodne folk, burde vere øyremerkte krinsane som slit mest.

– Det er dramatisk med ein eller to elevar i klassene. Ei anna utfordring er at vi i sterkare grad bør få med oss tilflyttarane frå utlandet i samfunn og planlegging, sa Flatøy.

Muren følgde opp med å slå fast at politikarane har late det skure og gå i Sande, kanskje med ei blind tru på at Sande Fastlandssamband kjem og vil løyse alle vanskane.

– Vi må lage ordentlege styringsdokument og få fart på Sande, sa han.

– Svartmåling

Ordførar Dag Vaagen (H) meinte Muren svartmåla situasjonen ein tanke.

Det er korrekt at samfunnsdelen av arealplanen er mogen for ei revidering, Men vi har omsett mange av våre målsettingar i planane. Vi har nye næringsareal, sjønære bustadareal, mange utbyggingar i fleire bygder, og vi har lagt til rette for eit blømande næringsliv. Likevel kan det sjølvsagt bli endå betre, sa ordføraren.

Flatøy følgde opp med ein positiv omtale av næringslivet på Sandsøya/Voksa, krinsen som slit mest med barnetalsutviklinga. Han peika også på den seinaste nyheita om at det kjem endå ei ferje på Larsnes-sambandet om nokre år.

– Utfordringa er fråflyttinga. Ungdomen tek utdanning og flyttar til større byar. Eg er viss på at om vi hadde fått ein storkommune, så ville det også ha medført at vi fekk fleire lokale arbeidsplassar for folk med høgare utdanning, sa vossingen.

– På tide med ein slik diskusjon

Jon Garen helsa debatten formannskapet no hadde snakka seg varme i, svært velkomen.

Det har nesten vore fritt for slike samtalar i denne perioden. Problemet vårt finn vi i statistikken, med folketal og elevtal. Vi har fem skulekrinsar, men det kjem til verda altfor få ungar her i kommunen. Vi har ansvar for å skape sosiale menneske av dei yngre, og då må vi tilpasse oss til situasjonen, sa Garen.

Han nemnde folketalsprosjektet Sande hadde gåande for ein del år tilbake, ei satsing som også bar ein del frukter.

– Vi er i slutten av denne perioden no. Det kjem forhåpentlegvis ein ny generasjon politikarar som er klare til å ta Sande over i framtida, la Garen til.

– Tenkje i nye baner

Heller ikkje varaordførar Anne Marte Beitveit (Sande vest) var med på Muren sin påstand om at sandssokningane «sit stille i båten».

– Det var litt negativt. Vi har lagt til rette for næringslivet, men ei av utfordringane er til dømes at mange pendlar til arbeidsplassane i ytre, utan å bu der. Vi har venta på dette sambandet lenge, og kanskje er det på tide å tenkje i nye baner, sa Beitveit, som minna om at når det gjeld folketal, så konkurrerer ein «med dei store ulvane».

Muren la til at han «håpar media ikkje malar svart» hans tankar om situasjonen.

– Eg vil male dette positivt. Vi ser elles at også kommunane rundt oss slit økonomisk, og eg trur ikkje ein femmarkommune hadde løyst noko. Då hadde i alle fall skulane blitt nedlagde, sa Muren.

Han ser fine framtidsutsikter i næringslivet, med Gjerdsvika hamn, store moglegheiter mot ei utvida hav-satsing, betre kommunikasjonar som er i vente.

– Det er eit sjukdomsteikn at halve Gjerdsvika sender borna til andre skular, sa Muren som følgde opp med ein artig vri:

– Eg trur det var i Arne Dyrhol si sit at kommunen lova dobbelseng til alle einslege, yngre etablerarar. Det var jamvel sjekkekurs for ungkarar. Slike vriar kunne vere ein morosam del av ei nysatsing.

– Litt av utfordringa er at vi som politikarar gjerne måler det i «satsing på asfalt og vegar», som er eit uttrykk på at ein ser på ting i staden for å måle korleis ein har det, supplerte Rekdal.

– Samlinga på Arena Sunnmøre synte også at mykje har vore gjort feil i skulen, også, sa Vaagen i ein replikk til partifelle Rekdal. Han såg på dette tidspunktet grunn til å minne om vedtaket i kommunestyret om skulestrukturen, der alle var samla om å bevare strukturen i alle fall i ytre del av kommunen.

Det kan godt hende vi har vore meir opptekne av bygningar, og ikkje innhaldet i dei, sa Jon Garen. Han minna om at rundt 20 prosent at folket i Sande har utanlandsk opphav, noko som skulle vere ein solid indikasjon på at det er noko med Sande som trekkjer dei hit.

– Larsneshallen, som var eit kjempeprosjekt som resulterte i ein rimeleg hall for alle, vart snudd til noko negativt. Det var ikkje bra, sa Garen vidare, i ein debatt som var innom mange tema på same tid.

Arnljot Muren varsla at Ap, KrF, Venstre og Frp til komande møte i kommunestyre vil kome med eit oversendingsframlegg. Her vil nysatsinga – nemnd innleiingsvis i denne artikkelen – vere tema. Altså: Konkret handling i lag med folk og bedrifter, med folketalsutviklinga som bakteppe.

Endra litt på investeringane

Når det gjeld økonomien var det, kanskje litt som venta, lite pengar som vart flytta på i høve til rådmannen sitt framlegg. Einingane må skjere mykje ned, der skulen denne gongen må ta det største kuttet.

Ordførar Dag Vaagen hadde eit framlegg til nokre mindre endringar på investeringsbudsjettet for 2019 og dei etterfylgjande åra. Han la inn framlegg om startløyving neste år til etablering av veg til industriområdet ved nordre molo i Gjerdsvika.

Vidare flytta han meir pengar til grunnkjøp bustadfelt neste år, samt prosjektering av kai i Gjerdsvika og innkjøp av brannvarslingsanlegg til Larsnes. Dei andre stilte seg – i alle fall inntil vidare – bak framlegget frå ordføraren. Uansett har kommunestyret siste ordet.