Sande Taxi leverer ut sand

Geir Solbakken og sjåførane hans har med seg ekstra tryggleik på sine turar i bygdene.

Skyss og sand: Geir Solbakken og Sande Taxi driv til­leggs­ser­vi­ce på dro­sje­tu­ra­ne til dei eld­re i kom­mu­nen.  Foto: Sande Taxi

Nyhende

Sande Taxi etablerte nemleg eit fruktbart samarbeid med kundane sine under holkeføret sist vinter og vår. Dei har med seg bøtter med strøsand som dei deler ut til brukarane sine.

– Tilbodet vart veldig godt motteke, så vi bestemte oss for å halde fram denne vinteren. Vi får sand frå kommunen, fortel løyvehavar Geir Solbakken til Vestlandsnytt.

Ordninga fungerer slik at passasjerane, som ofte er eldre folk, berre treng å gje beskjed på førehand om at dei treng strøsand i tillegg til skyssen. Ikkje nok med det:

– For brukarar som treng hjelp kan vi også strø innkøyrsla og inngangspartiet.