Forfattar: Jan Olav FlatmarkTittel «Tyske festningsanlegg på Sunnmøre»Bokbra Forlag

Dei tyske okkupasjonsstyrkane gjennomførte ei enorm byggjeverksemd i løpet av krigsåra. På Sunnmøre er det registrert kring 1700 byggverk av ulike typar. Dei aller fleste har tilknyting til dei elleve kystbatteria og dei to luftvernbatteria som vart bygde. Desse låg på rekkje og rad frå Helland i Haram til Hakallestranda i Vanylven.

I juni 1940 kom dei fyrste tyske okkupasjonsstyrkane til Sunnmøre. Eit par veker seinare starta dei fyrste anleggsarbeida. Den tyske marinen sette då i gang med å byggje eit stort kystbatteri på Tueneset i Ålesund. Hovudentreprenør var det norske selskapet Høyer- Ellefsen, i samarbeid med to tyske selskap.

I boka er det eigne kapittel om mellom anna kystbatteria på Kvitneset (Brandal), Åram, Hakallestranda – og luftvernbatteria på Åramsneset og Kvamsøya. Forfattaren har gjort eit grundig arbeid både når det gjeld sjølve teksten og det å få tak i aktuelt biletstoff og presentere det på ein god og interessant måte.

Boka, som er på 192 sider, er illustrert med heile 181 bilete og 22 kart og teikningar.