Som tidlegare, skjedde dette i dataspelet League of Legends, men denne gongen var lagnamnet ikkje det same. Etter å ha blitt headhunta til Vålerenga si store e-sportssatsing, Nordavind, tok Ole Andreas med seg sitt tidlegare lag og regjerande meistrar, nDurance, inn i satsinga. Skår er no ansvarleg for League og Legends-biten i storklubben.

Forsvara tittelen

Trass nytt lagnamn, klarte Skår og hans spelarar å forsvare tittelen frå vårsesongen. Nordavind møtte erkerival Riddle i laurdagens finale, som vann ligaspelet tidlegare i haust. Sluttspelet blei veldig spennande då Nordavind låg under etter tre spelte rundar. I dette spelet er det best av fem rundar som gjeld, og alle dei fem måtte altså spelast før resultatet i meisterskapsfinalen var klart. Nordavind vann til slutt 3–2 og kunne sleppe jubelen laus. Sigeren sikra laget ein vinnarpott på i alt 30.000 kroner.

– Forventa

Ole Andreas Skår vil nødig stå fram som hoven, men han fortel at sigeren var som forventa.

– Mange vi kanskje seie at sigeren var knipen, og ja vi gjorde nokre tabbar, men når det er sagt, kjende eg at vi hadde god kontroll på alle kampane vi spelte, forklarar Skår. Han er naturlegvis ufatteleg glad på laget sine vegne.

Han forklarar grunnen til kvifor sjølvsikkerheita var på topp før finaleoppgjeret:

– Vi hadde ei god oppkøyring med dansk coach før kampen. Nyleg har vi også henta inn fleire spelarar i tillegg til den gjengen vi var (nDurance). Til slutt vil eg skryte av fleire sterke spelarar som peikar seg ut som favorittar i ulike roller. Derfor var vi sikre på siger.

Sjølv måtte Skår trekke i spakane frå Herøy under finalen på Lillehammer. Manageren er nemleg nybakt pappa, og måtte derfor vere noregsmeister på heimebane akkurat denne gongen.