Dette opplyser lensmann Tor Sæther til Vestlandsnytt denne veka.

– Frå og med nyttår har vi sagt opp leigeavtalen vi har på dagens kontor. Vi flytter då alle dei tilsette til kontorlokala ved Ulsteinvik og Hareid lensmannskontor. Her vil vi jobbe fram til vi får på plass eit nytt kontorlokale i Herøy, seier Sæther.

For folk i Herøy og Sande betyr det at eventuelle besøk hos politiet vil måtte skje i Ulsteinvik. Sæther rår folk til på førehand å booke avtalar via 02800, slik at ein er sikker på at ein får utretta det ein ynskjer.

– Eg har elles fått stadfesta at eg får låne eit kontor ved servicetorget på rådhuset i Herøy. Her vil eg kunne ha kontortid minst ein dag i veka, utan at eg på noverande tidspunkt kan seie akkurat kva dag i veka dette vil vere, seier lensmannen. Han takkar Herøy kommune for å vere løysingsorientert og serviceinnstilt også i denne saka.

Vakt og beredskap – ingen endringar

At kontoret flyttast vil på ingen måte påverke vakt– og beredskapen i Herøy og Sande.

– Vaktstyrken på Søre Sunnmøre vil halde fram akkurat som i dag, så folk skal ikkje bekymre seg for det, forsikrar Sæther.

Utolmodig for nytt kontor

Tor Sæther har på grunn av lova om offentleg anskaffing, ikkje lov til å vite og kommentere status for det nye kontoret eller kva tid dette står ferdig.

– Trass i at eg ikkje kan kommentere i detalj på verken det eine eller andre, vil eg seie at eg er utolmodig for å få på plass ei fungerande permanent løysing snarast råd. Men det viktigaste er naturlegvis at vi får på plass ei tidsriktig og funksjonelt lensmannskontor. For dei lokala vi har i dag, strekk ikkje til.

Varigheita av den nye løysinga vil avhengig om kor vidt det skal byggast eit heilt nytt bygg eller om lensmannen og staben kan flytte inn i eit allereie eksisterande lokale. Vestlandsnytt har kontakta Politiets fellestenester (PFT) om saka, og dei har følgjande kommentar:

– Status er at vi, etter tilbodsrunde og forhandlingsmøte, no er i ein evalueringsprosess for å kunne gi ei innstilling til politidistriktet. Vi har difor ingen informasjon om eventuell ny lokalisering no. Vi ber om forståing for at vi ikkje kan informere om fleire detaljar medan vi er i prosess.