- Haha, nei det er ikkje rart du ikkje finn meg. Du hadde ikkje gjort det på 100 år.

Den Australsk-britiske dama Isabella Lang fleiper og flirer når vi ringer ho opp på mobilen. I over 20 minutt har Vestlandsnytt leita etter ho i Mulevika,. For ærleg talt, kor vanskeleg kan det då vere å finne nokon i store, opne Mulevika? Vel, ikkje so lett ser det ut som. Men omsider, har vi endeleg fått kontakt med dama. Ytst ute i Ytrevika vinkar ho til oss frå toppen av ein ås, og vi snublar og sklir oss over isglatte fjøresteinar for å nå fram til ho. Det høver seg eigentleg fint. Sola har stått opp for ein dryg time sidan, og ho har berre rukke å kaste sine strålar heil ute i vika der Lang oppheld seg.

Vi møter den sprudlande dama som helsar høfleg. Grunnen for at vi i det heile har tatt turen for å treffe ho, er fordi Lang den siste månaden har jobba målretta med å rydde Mulevika for bos og skrot. Og når vi seier målretta, meiner vi det. Dama er her nemleg opp til tre gongar i veka, frå soloppgang til solnedgang, for å rydde.

– Og fleire dagar og veker skal det bli, smiler ho.

Ikkje åleine

Mens vi traskar bort gjennom graset til staden der ho no jobbar, tel vi sekkane som allereie er fulle. Dei ligg samla litt hulter til bulter i fjøra. I dag har ho runda 50 sekkar med innsamla skrot.

– Det er ganske tragikomisk eigentleg. Eg fyller sekkane før eg i det heile er framme i fjøra, flirer dama med sin karakteristiske latter.

Det skal elles seiast at ho ikkje har vore heilt åleine om prosjektet.

– Venninna mi, Erika Jasiūnienė, skal også ha del av æra. Ho har også vore her fleire gongar i veka og plukka nesten like mykje som meg.

Uansett, det gjer det ikkje mindre imponerande.

– Under kvar einaste stein

I det vi er framme ved ryddelokasjonen, legg Isabella ut om alt skrotet som ligg i fjøra.

– Eg trur dessverre ikkje at eg lyg når eg seier at eg finn ei eller anna form for skrot under kvar einaste stein eg snur på. Det flyt av tau, gamal plast og ikkje minst den hata mikroplasten.

Kanskje er det litt rart å tenke på. Tilsynelatande kan det sjå ut som Mulevika er relativt rein når ein kastar eit blikk utover fjøresteinane, men …

– Her er bos. I massevis, seier Isabella litt alvorleg, og held fram:

– Den knasande lyden du høyrer når du går i graset nær fjøra. Det er ikkje frost, seier dama og viser til kor mykje plast og rot som ligg gjengrodd i graset.

For ho er det viktig å få fram at majoriteten av all forsøplinga i fjørsteinane er nærast usynleg, og at der i realiteten er eit hav av skrot.

– Eg kan bruke ei veke på eit relativt lite område seier, Lang.

– Trur på det

Kva dama ynskjer å oppnå er vel kanskje openlyst, men kva som motiverer Lang til å bruke timevis av si eiga fritid på å plukke rot i minusgrader i Mulevika, noko som inneber og reise fram og tilbake frå Ulsteinvik der ho bur, er snarlegare eit meir interessant tema.

– Eg har ikkje noko mål om å vere eit forbilde. Dette er noko eg gjer av rein og skjer fri vilje fordi eg trur på det. Eg jobbar til vanleg på sjøen og eg føler naturen er like mykje min som nokon andre sin. Då vil eg ta vare på han. Der er mange måtar å gjere det på, min måte er «with feet and hands on the ground», slår Lang fast.

At ho kanskje kan vere til inspirasjon vil berre vere ein bonus, ikkje eit mål, poengterer ho.

– So er ikkje bosrydding i Mulevika samanliknbart med rydding av kloakk akkurat. Eg meiner, eg får med meg nokre fantastiske solnedgangar, og nokre verkeleg flotte naturopplevingar medan eg er her, smiler Lang.

Håpar folk ikkje gløymer

Isabella er veldig glad for at engasjementet rundt å halde naturen fri for rot har auka på den siste tida. Det siste året har det til dømes vore mange ryddeaksjonar i Vestlandsnytt sitt dekningsområde. Likevel fryktar Isabella at dette skal bli ein døgnfluge, ei greie som ikkje vil halde fram.

– Her er framleis mykje rot i fjøra, og om vi kan få fleire ut til å rydde, vil det vere bra. Eg vil gjerne anbefale fleire større fellesaksjonar der ein løftar fram det sosiale fellesskapet med det også. Vi må ikkje stoppe å rydde.