Han var utan tvil den politiske leiaren som hadde størst innflytelse på utfallet av andre verdskrig. Då tyskarane kapitulerte, vart han hylla som ein helt over heile verda.

Morfar fortalde meg om då han fekk på plass radioen att, fredsvåren 1945. Etter fem år med radioforbod var dei svoltne på nyhende. Ein dag kom Iver Steinsvik på vitjing til morfar, han budde i nabolaget.

Han kom for å høyre nytt, han hadde ikkje radio sjølv. Iver hadde trass radioforbodet fått med seg mykje av det internasjonale bildet. Då han hadde lytta litt på radio, kom analysen: «Hadde ikkje me hatt hånå Sursill, hadde det gått nedenom og heim med heile greia». Kven bryr seg om språklege bagatellar og dårleg engelsk i ei slik stund.

Winston Churchill var ein rå krigar og offiser, men han var også forfattar og journalist. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1953 for sine historiske verk. Han røykte sigar, og drakk alt for mykje alkohol, særleg whisky. Han sleit med depresjon, og det var dagar då han såg inn i det djupaste mørke. Sjølv skildra han det slik: «The black dog is visiting me – den svarte hunden er på vitjing». Churchill hadde ei manisk-depressiv liding, og fekk råd om å drive med kunstmåling som terapi. Kona Clementine, som han kalla «Clemmie», var ei jordnær og intelligent kvinne som han gifta seg med i 1908. Ho jekka han ned når han vart for høgtflygande, og han var gift med henne livet ut.

Men kva var det med denne mannen som har gitt han ein slik dominerande plass i verdshistoria? Gjennom heile 1930-talet var det nedrusting og pasifisme som var politikken i mange vestlege land, også i Norge. Churchill såg betre enn nokon andre at Tyskland gjekk motsett veg, og rusta opp. Churchill åtvara mot å bygge ned det britiske forsvaret, noko som gav han eit ufortent stempel som krigshissar. Men han fekk diverre rett, og frå 1939 var Europa i ein nådelaus krig.

Hitler gav ordre om å terrorbombe London for å ta alt mot og moral frå det britiske folket. Då var det radiotalane til Churchill som heldt moralen oppe i folket, og ein av talane hadde nokre setningar som har blitt ståande i historiebøkene: «Vi skal forsvare vår øy, uansett kva det vil koste, vi skal kjempe på strendene, vi skal kjempe på landingsplassane, vi skal kjempe på markane og i gatene, vi skal kjempe på åsryggane; vi skal aldri overgi oss.»

Churchill var ein fantastisk god talar, men han hadde også ein treffande og ufin replikk, han var eit råskinn. Ein gong møtte han eit medlem av parlamentet, Bessie Braddock, som var sosialist. Då var Churchill synleg full, noko Braddock kommenterte: «Winston du er ufordrageleg full» «Min kjære, svara Churchill- du er forferdeleg stygg, i morgon er eg edru, men du er framleis like stygg». Vi kan berre fantasere om kva slags oppslag det hadde blitt om ei slik replikkveksling hadde funne stad i det norske parlamentet.

Den første kvinna som tok sete i det britiske parlamentet, den konservative Lady Astor, var heller ikkje Churchills beste venninne, for å seie det mildt. Det vert fortalt at dei ein gong vart sitjande i lag ved same bord. «Hadde du vore mannen min, hadde eg hatt gift i teen din», sa Lady Astor. «Ja hadde du vore kona mi, hadde eg drukke», repliserte Churchill.

Winston Churchill døydde i januar 1965, nær 91 år gamal. Dei fleste av Englands store menn og kvinner ligg gravlagde i Westminster Abbey, den store katedralen like ved parlamentsbygninga. Churchill gav tidleg beskjed om at han ikkje ville dit. «Der ligg det så mange som eg ikkje kunne ha tenkt meg å ha noko med å gjere i levande live, kvifor skal eg ha med dei å gjere i døden», skal Churchill ha sagt. Etter Churchills ønske vart han gravlagd på familiegravplassen ved «St Martin Church», nær Woodstock og fødestaden hans Blenheim Palace.

Mykje tyder på at akkurat der og då i verdshistoria, var denne stabukken og råskinnet på rett plass til rett tid.

Ha ein fredfull fredag.