Frivilligprisen i Herøy 2018:

Fin honnør til Jan Olaf Hareide

Jan Olaf Hareide fekk denne veka Frivilligprisen i Herøy for sitt årelange arbeid for Tjørvåg IL.

Pris: Frå til­de­lin­ga, f.v. sty­re­lei­ar Sig­urd Ny­gard i Fri­vil­lig­sent­ra­len, pris­vin­nar Jan Olaf Hareide, ord­fø­rar Arn­ulf Goks­øyr og Fred Hansen frå Mø­re­trygd. (Foto: Her­øy fri­vil­lig­sent­ral) 

Tjørvåg IL har mykje å takke denne karen for

Arnulf Goksøyr
Nyhende

– Hareide er ein ekte kvardagshelt, seier dagleg leiar Britt Paulsen i Frivilligsentralen i Herøy kommune.

Den sjuande Frivilligprisen i Herøy vart tildelt på Tjørvåg idrettslag sin fotballfest på Tjørvåg bedehus onsdag.

Jan Olaf Hareide fekk prisen for sitt langvarige og brennande engasjement for idrettslaget.

– Han har vore nominert fleire gongar tidlegare, og endeleg fekk han si påskjøning, heiter det frå Herøy Frivilligsentral etter tildelinga.

Vestlandsnytt får opplyst at det har vore eit stort engasjement i Tjørvåg for at Jan Olaf skal få denne prisen. Det er mange som set pris på alt arbeidet han gjer for bygda.

Ordførar Arnulf Goksøyr delte ut prisen med desse orda:

– Inntrykket sett utanfrå er at idrettslaget er livet hans. Han står i kiosk når det er fotballkamp, er klar med varme pølser og mår, er ansvarleg når idrettslaget arrangerer jonsokfeiring i bygda, eller i kafe med middag og tombola ein til to gongar i året. Bilen hans står stadig vekk utanfor Tjørvåg stadion. Då er han der og ordnar eit eller anna.

Goksøyr heldt fram:

– Han er leiar i sportsleg utval, nestleiar i hovudstyret, medlem i arrangementskomiteen, dommaransvarleg, «Norway cup-general», har vore med som leiar for Selje cup og Førde cup, og han er ansvarleg for kiosken på Tjørvåg stadion. I nærleiken av kiosken finn du han på stort sett alle heimekampar. Om det ikkje kolliderer med heimekampar finn du han også på bortekampane. I ifølgje han sjølv, har han mykje å takke Tjørvåg idrettslag for, men jammen har Tjørvåg idrettslag mykje å takke han for også.

– Enten det er tidleg på dag eller seint på kveld, så held Jan Olaf på med eit eller anna. Takka vere prisvinnaren sin innsats gjer han det frivillige arbeidet til foreldra og dei med andre verv i idrettslaget mykje lettare.

Goksøyr streka under at Jan Olaf gjer alt dette på frivillig basis, utan at han sjølv har barn der lenger eller får betaling for arbeidet.

– Han er også ein veldig positiv person som er raskt på pletten når ein spør etter hjelp eller råd. Tjørvåg IL har mykje å takke denne karen for. Årets frivilligpris går difor til Jan Olaf Hareide, sa Arnulf Goksøyr i ein tildelingstale der mange nok hadde teke til å skjøne kven han sikta til.

Rørt prisvinnar

Ein rørt prisvinnar takka for prisen og takka Tjørvåg idrettslag for at han får halde på i lag med dei. Han kunne fortelje at han er uføretrygda, og dagane kan då verte lange.

Samstundes takka Hareide også Tjørvåg IL for alt han får oppleve saman med dei.

Prisen er – i tillegg til fortent heider og ære – ein plakat laga av Svein Olav Hatlen, ein blomsterbukett og ei pengegåve gitt av Møretrygd.

– Vi gratulerer, seier Britt Paulsen. Ho opplyser at det etter nyttår vert ny utlysing av denne prisen.

– Kanskje kan du tenkje om du kjenner nokon som hadde fortent å få litt merksemd for arbeidet dei gjer?