20 prosent mindre makrell neste år

Det blir 20 prosent mindre makrell å fiske neste år.

NEDGANG: Den norske flåten kan fiske 147.085 tonn makrell neste år.  Foto: Paul-Gustav Remøy/Fiskebåt.

Nyhende

Det er klart etter at Norge, EU og Færøyane har blitt samde om ei totalkvote på 653.438 tonn makrell i 2019, og fiskeriminister Harald Tom Nesvik seier seg nøgd med avtalen.

– Den vitskaplege rådgivinga viser at makrellbestanden er på veg nedover, og det må vi ta på alvor når kvoten skal fastsetjast, seier Nesvik.

Totalkvoten er fordelt med 147.085 tonn til Norge, 82.339 tonn til Færøyane og 322.077 tonn til EU.

Dei tre kyststatane har også sett av ein andel tilsvarande 15,6 prosent av totalkvoten til andre kyststatar og statar som fiskar makrell i internasjonalt farvatn.