– Ville ikkje vore første gongen ei bru fell ned

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) meiner fylket er i ferd med å gjere Herøy kommune til ein salderingspost, og fryktar no at Nerlandsøybrua skal falle i hop før ny kryssing av vaulen er klar.
Nyhende

– Eg vil ha ein garanti på at ei ny Nerlandsøybru eller ei anna løysing for kryssing av vaulen mellom Kvalsund og Igesund/Kleivavika er på plass i 2022, men det ser ikkje ut som at eg skal få det, seier ein tydeleg bekymra Arnulf Goksøyr.