– Eg har snakka med ordførarane om saka tidlegare, og vi veit at det er sterk støtte til ein tunnel på søre Gurskøya frå fleire hald. Problemet er at ingenting skjer. No må ordførarane i Herøy, Sande og Vanylven handle og syne at dei er verde sine høge lønningar, seier fiskåbygdaren.

– Sit i same båten

Han meiner dei tre kommunane snarast bør innsjå at vi er om bord i same båten.

– Eg etterlyser konstruktivt samarbeid på samferdselsbiten. Vi veit alle at det – i fall Rovdefjordsambandet skulle kome – vil ta lang tid før ei slik flytebru vert realisert. Uansett kan vi lite på ferja, og her kan det kome nattferje også. Men det er nord for Årvik ferjekai vi møter på problemet, med to utfordrande fjellovergangar og generelt litt «forhistoriske vegar», seier Storeide.

Han meiner beste løysinga, både miljømessig og totaløkonomisk, er å få fart på planane om ein tunnel som vil eliminere behovet for Drageskaret og Leikongbakkane.

– Det beste vil vere ein tunnel frå området mellom Årvik og Torset som går i ei nokolunde bein linje til Leikong. Tunnelen kan og bør ha ei sidearm mot Gurskebotn, slik at også Gursken og Gjerdsvika kan vere kopla på ei slik løysing.

Tunnel med sidearm og rundkøyring er ikkje noko problem, meiner vanylvingen. Han seier dette fungerer heilt knirkefritt i Vallaviktunnelen i Hardanger.

– Eg er forbausa over at ingenting skjer. Det verkar som om arbeidet med samband som skal erstatte ferjene er ei propp i systemet, nokre meir eller mindre urealistiske prosjekt som stoppar all utvikling på landsida, seier Storeide.

Han legg til at neste steg på programmet med opprusting nord/sør heilt klart bør vere flaskehalsen Dragsundbrua, der folk køyrer med hjartet i halsen for å inngå å treffe møtande trafikk eller kanten på høgresida.

– Tunnelen er langt viktigare enn Nordøyvegen, for det vil tene eit langt større samfunn, avsluttar han.