Har hatt butikk i Myrvåg i 25 år:

– Hatt trufaste kundar og tilsette

Denne veka fylte Blomster og Gaver i Myrvåg 25 år. Det var mange som var skeptiske då den opna, men 25 år seinare kan Inga Goksøyr konstatere at det har vore ein suksess.
Nyhende

Det var fleire som var bekymra då Inga Goksøyr for 25 år sidan bestemte seg for å opne ein filial av butikken ho allereie hadde drive i fleire år på Larsnes i Myrvåg. Inga sjølv, hugsar blant anna at ein forbipasserande stoppa for å dele si bekymring.