Det er klart etter møtet som NAV-direktør Stein Veland nyleg hadde med ordførarane og rådmennene i Herøy og Vanylven.

– For oss blei møtet ein gedigen skuffelse, seier Herøy-rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Inga gulrot

Før møtet hadde NAV-direktøren kome med klare signal om at eit felles NAV på Ytre Søre, med Hareid som vertskommune og ein felles leiar for to kontor, ikkje ville vere noko problem å få til.

For å få til ei slik samling, kunne NAV-direktøren freiste med at eit felles NAV for Ytre Søre kom til å stille sterkt for å bli tilført fem nye statlege stillingar.

– Men då vi møttest hadde Veland plutseleg inga gulrot å lokke med lenger, seier ein overraska og skuffa herøyrådmann.

Forsvann med statsbudsjettet

Dei fem nye stillingane forsvann med statsbudsjettet, der det ikkje var gitt rom for ei slik styrking av NAV.

– Og då han også gjekk tilbake på moglegheitene for fleire lokasjonar, blei vi veldig overraska, seier Kopperstad.

Han gjer det klart at det aldri har vore aktuelt for Herøy å avvikle NAV-kontoret i Fosnavåg. No kjem kontoret til å bestå, og blir i tillegg NAV-kontor også for Vanylven.

I vertskommuneavtalen mellom Herøy og Vanylven ligg det også innbaka at Vanylven skal ha ein satellitt, slik at folk slepp å reise heilt til Fosnavåg for den minste ting.

To einingar på Ytre Søre

I staden for eitt NAV med ein felles leiar, blir det no to NAV-einingar på Ytre Søre med kvar sin leiar. Ei for Herøy og Vanylven med kontor i Fosnavåg, og ei for Hareid, Ulstein og Sande med Hareid som kontorstad. Denne ordninga skal gjelde frå komande årsskifte.

Kopperstad seier seg lei for at det ikkje let seg gjere å få til ei full NAV-samling på Ytre Søre, med styrka bemanning, slik NAV-direktør Veland tidlegare signaliserte. Desse lovnadene viste seg å ikkje stå ved lag då det kom til stykket.

– Vi var optimistiske og trudde på ei slik løysing. Når ikkje den blei noko av, får vi berre prøve å få til eit best mogleg samarbeid mellom NAV Hareid og NAV Herøy, til det beste for innbyggjarane, seier han.