Stor glede blant dei tilsette etter flytting:

No er Furene i Myrvåg

Denne veka var det klart for offisiell opning av dei nye lokala til Furene i Myrvåg. Dei tilsette er så glade for dei nye lokala at dei nesten ikkje hadde tid til å delta på opninga.

Vi opplever Furene som ein veldig profesjonell organisasjon

Arnulf Goksøyr
Nyhende

Både styre, eigarar og tilsette gliste breitt då Furene offisielt opna sine nye lokale i Myrvåg denne veka. Kanskje ikkje så rart, då det har teke si tid å kome seg i nytt hus.