Metizoft startar sunnmørsk E-sport klubb

- Latskap blir ikkje akseptert

Logo er på plass, proffhjelp er henta inn, og ambisjonane er langt ifrå små. Møt Metizport, den fyrste store E-sport-satsinga på Søre.

Med ei slik satsing, og så lenge dei har meg ved roret, vil ikkje latskap bli akseptert.

Ole Andreas Skår
E-sport
  • Går føre seg på eit visst profesjonelt nivå.
  • Utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike dataspel på datamaskin eller spelkonsollar, som regel med pengepremiar.
  • Oppslutninga rundt e-sport har vakse kraftig de siste årene. Profesjonelle turneringar blir følgde av fleire millionar
  • Spel som det i dag vert konkurrert profesjonelt i inkluderer League of Legends, StarCraft II, Dota 2, Counter-Strike: Global Offensive, FIFA og Hearthstone.
  • SNL
Nyhende

– Vi leikar ikkje, for å seie det sånn. Dette er noko vi går fult inn for.

Det seier Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren. Vi møter 15-åringen i kontorlokala til Metizoft på Eggesbønes. Rundt bordet sit tre andre karar, Isak Sundgot, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr og Ole Andreas Skår. Dei nikkar samtykkande til det Arjan seier. Saman er dei kjernen i det som lovar å bli den neste store sportslege satsinga i regionen.

«Metizport»

At vi sit i Metizoft sine lokale er slett ikkje tilfeldig. Med Gry Sydhagen i spissen har nettopp denne bedrifta sett behov for eit nytt sportsleg tilbod i regionen, ein e-sport-klubb. Namnet har derav naturlegvis blitt Metizport.

– Dette har vore Gry sin draum i lengre tid, og ho har pusha på for at dette skal bli ein realitet. No er endeleg brikkane på plass, so no er det offisielt. Vi har no det som truleg er den fyrste seriøse E-spor-satsinga på Søre Sunnmøre, erklærer Metizoft sin e-sport-ansvarleg, Carl-Henrik Moltumyr.

Han er overtydd over betydninga av ei slik satsing.

– Dette handlar om å gi eit heilt nytt tilbod for ungdomen. Eit sportsleg tilbod som reflekter den tida vi lever i, der e-sport allereie er ei stor greie internasjonalt, og også nasjonalt, konstaterer han.

Skår med på laget

Med seg på satsinga har Metizoft fått Ole Andras Skår som manager, trenar og altmoglegmann. Kvalsvikaren er nok etter alt å døme ein av pionerane når det kjem til e-sport-satsinga i Noreg. Ved sidan av å vere nybakt pappa og ein jobb i barnehagen, er han ein del av Nordavind, Vålerenga-klubben som er Noregs største e-sport-satsing. Skår sitt lag blei faktisk så nyleg som i helga noregsmeistrar i dataspelet League of Legends.

– I fyrste omgang gjer eg dette på rein fri vilje. Dette er noko eg brenn sterkt for. Vi er nøydde til å tilby noko skikkeleg når vi først gjer det, seier Skår.

Ikkje latskap

Sidan E-sport i og for seg handlar om dataspel, har det fått eit ufortent rykte på seg for å ikkje vere ein sport i sin rette forstand. Dette aviser gjengen rundt bordet på det kraftigaste, og Skår tek ordet.

– Med ei slik satsing, og så lenge dei har meg ved roret, vil ikkje latskap bli akseptert. Eg forventar og kjem til å legge opp eit skikkeleg treningsopplegg. Og ja, det vil involvere fleire fysiske treningsøkter og god livsstil. Skal ein konkurrere i e-sport må kroppen vere i tipp topp stand.

Han ser for seg at laget vil ha fleire treningar i veka. Hans mål er å fostre fram gode spelarar.

– Det vil i ein slik startfase bli viktig å skape resultat og markere seg litt. Derfor vil vi starte med eit ganske spissa tilbod der vi vil finne dei verkeleg gode spelarane. Dei skal naturlegvis hentast lokalt, forklarar Skår, og held fram:

– Vi vil også at dette skal bli eit tilbod med stor breidde, noko eg trur kjem med tida, etter kvart som vi greier å forankre interessa i lokalmiljøet.

Vil arrangere lokal turnering

Som ein kickstart for den store satsinga har dei engasjerte i klubben ein plan om å arrangere ei stor og open turnering i fotball-dataspelet FIFA. Dette blir eit arrangement der ein fyrst og fremst kartlegg nivået på spelarar i området, men også eit arrangement for å lodde interessa for satsinga.

– Vi ser føre oss at ei slik turnering blir ein fin måte å rekruttere spelarar til laget. Vi får dermed også ei fin moglegheit til å presenterer klubben for ei målgruppe som naturlegvis engasjerer seg for sporten, forklarar gjengen.

I tillegg til å lage sine eigne turneringar og arrangement, har laget ambisjonar om å etter kvart skulle delta i større turneringar og spele mot lag som er på noregstoppen.

– Det hadde ikkje vore feil med ein venskapleg oppvisingskamp mot eit litt større lag til dømes, resonnerer gjengen.

Om eventuelle lokale turneringar, flørtar dei også med tanken om å kunne direktesende kampane så folk kan fylle med på sporten.

Fleire spel

Når det kjem til E-sport, er der eit hav av forskjellige spel å konkurrerer i. Naturlegvis kan ein ikkje hoppe rett på djupt vatn og satse på fleire i hytt og gevær.

– Nei, det blir naturleg å starte med spel der vi veit her eksisterer kompetanse, seier Skår.

Som eksempel nemnar han spela Fortnite, Counter Strike (CS), FIFA og Rocket League. Til dei to fyrstnemnde har dei allereie hanka inn to spelarar. Arjan ser seg sjølv som ein driven Counter Strike-spelar og Isak har mange timar bak seg i spelet Fortnite.

– Det er viktig for oss å bli kjende med miljøet før vi legg opp ein eksakt plan på dette, utdjupar Skår.

Vikinginspirert logo

Sjølv om klubben so vidt har kome seg ut av startgropa, har dei allereie fått på plass ein logo.

– Den er rå stilig og vi er veldig fornøgde med den. Tanken bak er at den har litt lokalforankring, samtidig som den spelar på historia vår. Vikingskipet representantar både at vi er vikingar og at vi kjem frå ein kystregion. Grønfargen kjem av at Metizoft har same fargen, forklarar Isak Sundgot.

Laget har også bestilt lagdrakter, men akkurat korleis desse skal sjå, må vi berre vente på, får vi beskjed om.