Volda arrangerte uoffisielt inne-KM for klubbane i protest mot kretsen:

Bergsøy G16 kretsmeistrar

Bergsøy sitt G16-lag avslutta ein flott sesong med å vinne eit uoffisielt kretsmeisterskap i futsal.
Nyhende

Då Sunnmøre fotballkrets for tredje året på rad ville arrangere inne-KM som ein serie over tre månadar, protesterte klubbane. Dei aller fleste valde å ikkje melde seg på. Bakgrunnen for protesten er at klubbane meiner ei slik turnering tek for lang tid, samtidig som den krasjar med kvalifiseringa til 1. divisjon i den «normale» fotballsesongen.