Sande brannvesen inviterte til fagseminar

- Brannfolk med betydeleg større kreftrisiko

Tysdag kveld arrangerte Sande brannvesen eit fagseminar for Brannvesena på Ytre Søre. Dei diskuterte det faktum at brannpersonell er betydeleg meir utsett for kreft enn befolkninga generelt.
Nyhende

Det var foreininga «Brannmenn mot kreft» som stod for det faglege innhaldet på seminaret. Foreininga har mål om å jobbe fram risikoreduserande- og førebyggande tiltak mot kreftsjukdomar. Dei arbeidar også for at brannpersonell som vert ramma av kreftsjukdom skal få rett behandling.

Dystre statistikkar

Under seminaret presenterte dei omfattande forsking som viser at brannpersonell er betydeleg meir utsett for å utvikle ei rekke kreftsjukdommar enn befolkninga generelt.

- Brannpersonellet vert gjennom sitt arbeid eksponert for ei rekke farlege stoff og kjemikaliar. På ein skadestad oppstår det svært store konsentrasjonar av ulike «cocktailar» av branngassar og -partiklar som menneskekroppen tek opp gjennom luftvegar, auge, svelg og gjennom hud. Det ligg no føre dokumentasjon som viser ein samanheng mellom denne eksponeringa og utvikling av ulike kreftsjukdomar, skriv Sande Brannvesen i eit referat frå møtet.

- Nyttige tips

Dersom ein brannmann eller ei brannkvinne utviklar kreft som følgje av sitt yrke - så står vedkomande overfor ei nær umogleg oppgåve med dagens lovverk. Det er nemleg veldig vanskeleg å bevise at det er arbeidet som er årsaka til ei eventuell kreftdiagnose. Men eit lyspunkt er at forsking som no går føre seg kan føre med seg ei dreiing av lovgivinga. Då vil forhåpentlegvis vedkomande som vert råka i framtida sleppe å føre kamp for å få rettmessig erstatning som følgje av ei påført yrkesskade.

- Fagseminaret gav mange nyttige tips – mange av desse var retta mot haldningar og kultur. Det er likevel ikkje mogleg å sjå vekk frå at både brannstasjonar og øvingsfasilitetar er sentrale element i  arbeidet med å redusere eksponeringa av farlege stoff og kjemikaliar – og det er eksponeringa som er nøkkelen for å kunne redusere kreftrisiko, skriv brannvesenet.

Tilbakemeldingane tyde på at brannpersonellet frå Sande, Vanylven, Herøy, Ulstein og Hareid nytte 2-3 timar på Sande rådhus denne kvelden.

- Det står føre ein del arbeid i kommunane dei komande åra, konkluderer Sande brannvesen.