Ikkje skuleskyss for Sandvik-elevar

Sandvika  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Komite for oppvekst vil ikkje imøtekome Herøy ungdomsråd sitt ønskje om vinterskuleskyss for dei eldste skuleelevane frå Sandvika. Derimot vil strekninga bli teken opp til vurdering i samband med neste revisjon av trafikksikringsplanen, som skal skje innan utgangen av 2019. Det er likevel høve for enkeltelevar å søkje om skyss på individuelt grunnlag.