Omtrent slik byrjar forteljinga om den gamle julesongen – ei legende av Marjatta Kurenniemi. Det er eitt av fem eventyr som Guri Aasen skal fortelje ved fontena førstkomande laurdag.

– Då eg fekk førespurnaden, sa eg ja med ein gong, for dette er kjempefine julehistorier som eg likar veldig godt, seier Guri Aasen.

Då ho dreiv Jacobsenhuset, brukte ho å invitere til ope hus med forteljarstund etter julegrantenninga, 1. søndag i advent. Den siste gongen var i 2010.

– Det vert veldig kjekt å få kome tilbake til sentrum og fortelje desse fine eventyra igjen – legendene og segnene som høyrer til jula, seier Guri.

Den gamle julesongen

Den fattigslege stakkaren sleper seg fram bortover landevegen. Han frys og det regnar.

– Og så kjem han til eit tre, fortel Guri ...

På ei naken grein sit ein liten fugl. Den kikar ned på vandringsmannen og seier: «Kva er du for ein stakkar, som sleper deg fram?» «Jau, no skal du høyre; eg er ein gammal julesong. No er eg på leiting etter nokon som kan hugse meg og vil syngje meg. Du, vesle fugl, kan vel syngje meg?» «Eg, nei! No er eg hås, for det er vinter. Eg likar å syngje vårsongar!»

Julesongen går vidare med uforretta sak. Snart kjem han til ein by. Medan han går der på gata, får han auge på ein rik forretningsmann, som kjem gåande mot han med ein sølvstokk i handa og ein flosshatt på hovudet. «Unnskyld at eg forstyrrar deg, men eg er ein gammal julesong. Eg veit du kunne meg då du var liten gut». «Kva? Nei! Den einaste songen eg veit om er klangen frå kassaapparatet,» seier mannen.

– Sånn går det vidare. Julesongen treffer fleire, men alle har det travelt, og ingen vil høyre på han, fortel Guri.

Til slutt er julesongen så sliten og lei seg at han set seg ned på ein trapp utanfor ei gammal stove. Store tårer renn ned. Han seier: «Eg kjem til å døy». Men medan han sit der, kjem ei gammal kone som leier eit lite barn i handa. Barnet stansar og seier: «Sjå, mormor, det sit nokon på trappa vår». Den gamle kona myser. Ho dreg med ein gong kjensel på kven som sit der ...

– Men vil di vite kven det er, må du kome til Fosnavåg på laurdag og høyre resten, seier Guri lurt.

– Etter eventyrstunda tenkjer eg vi kan syngje ein julesong.

Julelaurdag

Guri Aasen er ikkje den einaste som skal underhalde på laurdag. Ved fontena får ho selskap av mellom andre Nasko med elevar frå kulturskulen.

– Vi pønskar på å få til eit samarbeid der, seier Guri, men ho kan ikkje love noko.

Det vert også høve til å få seg ein matbit, då speidarar frå Herøy SFK Sjø skal selje graut.