Fin utvikling i sjukefråværet

Trass positiv utvikling samla sett, ligg sjukefråværet på mange av arbeidsplassane langt over det vi kan seie oss nøgde med.

NEDGANG: Sjukefråværet mellom dei kommunetilsette i Herøy gjekk ned frå 10,94 prosent i fyrste til 6,95 prosent i andre tertial 2018.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det skriv rådmann Olaus-Jon Kopperstad i ei melding om sjukefråværet i andre tertial i Herøy kommune.

Rådmannen skriv at med eit samla sjukefråvær på 6,95 prosent har kommunen nådd målet om 92,5 prosent nærvær for andre tertial 2018. 6,95 prosent er hårfint over fråværet i tilsvarande tertial i fjor, men meir enn eitt prosentpoeng høgare enn andre tertial 2016.

5,57 prosent i 2017 er den beste målinga kommunen har hatt dei siste åra.

Jamt over lågt

Andre tertial har over tid vore den perioden i året med lågast sjukefråvær over tid. Til dømes var sjukefråværet nesten 11 prosent i fyrste tertial, ein auke frå 9,32 prosent siste tertal i fjor, for så å gå ned til 6,95 prosent for den siste tertialmålinga.

Mykje av årsaka til dette er nok at mange vel å ta ut ferie i denne perioden, og såleis ikkje blir liggande med status sjukefråvær, skriv Kopperstad.

Barnevern best

Samtlege avdelingar i kommunen kan vise til ein nedgang i sjukefråværet siste tertialet med varierande storleik. Største nedgangen finn ein innan barnevern, der sjukefråværet gjekk ned frå 13,9 til 1,5 prosent. Innanfor anlegg og drift var nedgangen på 8,24 prosent. Skule og barnehage har hatt ein nedgang på om lag 5,5 prosent.

Av det totale sjukefråværet på 6,95 prosent siste tertial utgjer langtidsfråværet 5,43 prosent.

Rådmannen viser til at kommunen jobbar både førebyggande og med å legge til rette for at medarbeidarar skal kunne kome tilbake i arbeid etter sjukdom.