Feilparkering hindrar bussane

Sjåførane i Nettbuss ber Herøy kommune ta grep mot feilparkering i Fosnavåg sentrum.

HINDRING: Inga feilparkering på denne avgangen i går, men ofte har bussane store problem med å kome igang frå Fosnavåg.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Sjåførane i Nettbuss opplever stadig problem med inn- og utkøyring frå bussterminalen i Fosnavåg. Problemet skuldast parkerte bilar langs Holmefjordvegen som er skilta med parkering forbode.

Tidsmessig har ikkje bussen meir tid enn som trengst med tanke på vidare korrespondanse på Garnes og hurtigbåten på Hareid. Det kan fort bli ei utfordring med tid når bussen ikkje kjem seg ut av startblokka i Fosnavåg.

Det skriv den tillitsvalde for sjåførane i Nettbuss, Jan Kåre Vinjevoll, i ei oppmoding til Herøy kommune. Her ber han kommunen rydde opp og sikre framkomelegheit for bussane no før julehandelen tek til.