Leikong blandakor inviterte til førjulskonsert

– Viktig å takke for stunder som denne

Fredag kveld var det få sitteplassar att på benkane i Leikanger Kyrkje, då Leikong blandakor inviterte til førjulskonsert.

Viktig å takke for stunder som denne

Sissel Riise
Nyhende

Om ikkje julestemninga sneik seg innpå med minusgrader og rim på kyrkjeruta, skulle det noko til å halde ho attende då dei unge jentene Ane Baade Hasund og Bertine Skeide-Dyrhaug leia an i «Nå tennes tusen julelys». Med mektig korsong i ryggen sette dei verkeleg tonen for resten av førjulskonserten til Leikong blandakor fredag kveld. Ikkje overraskande var det folkekjære og kjende julesongar som utgjorde majoriteten av songrepertoaret. Men det var heller ikkje fritt for eit og anna gospel-innslag.