Stor suksess for Sana Oris i Myrvåg:

– Plasseringa har vore viktig

Det har no gått eitt år sidan Idunn Dyrhaug stifta den private tannlegeklinikken Sana Oris i Myrvåg. Kundane har omfamna tilbodet frå første dag.

IDUNN DYRHAUG: Det har vore ein stor suk­sess for tann­le­gen som opna den pri­va­te tann­kli­nik­ken Sana Oris i Myr­våg.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– For eitt år sidan byrja vi å rive dei gamle lokala til Mattilsynet, og seks veker seinare var vi ferdige og klare til å ta imot den første pasienten. Eg har fått høyre at vi sette norgesrekord i bygging, seier grunnleggar Idunn Dyrhaug.