Inviterer til julemarknad på Bøen Gard

– Har blitt ein tradisjon for oss

På laurdag 1. desember blir det varsla om ein god dose julestemning då Bøen gard inviterer til tradisjonsberande julemarknad.

Trond Hide: Trond Hide inspiserer julematen før den skal seljast på julemarknaden til helga. Her ser vi han i det heilt nye produksjonslokale på Bøen gard. Han og Bente Hide har bestemt seg for å auke satsinga på lokalmatproduksjon. presse   Foto: Camilla Kleppe Nanseth

Det blir garantert julestemning på Bøen Gard

Bente Hide
Nyhende

– Det har blitt ein tradisjon for oss. Slik det ser ut, veks han for kvart år.

Det seier Bente Hide, som, saman med Trond Hide, pyntar gardstunet og garden opp til jul, og inviterer til julemarknad på laurdag.

Familieoppskrifter

Fyrst og fremst er det maten som står sterkast i fokus, og den har ikkje reist lenger enn til slakteriet og tilbake igjen. Dei fleste varene som skal seljast denne dagen er nemleg fostra fram på eigen grunn.

– Ja, eg vil ikkje vere makaber, men folk i området har nok møtt på «julematen» enten som sauer i vegkanten eller på Hidsegga. Dette gjer kanskje varene litt eksklusive. Eg trur det betyr noko å vite kvar maten kjem frå og at dyra har hatt eit godt liv før slakt, fortel Bente.

Bøen gard har, som vi tidlegare har omtala, satsa endå sterkare på lokalmatproduksjon i det siste året. Nyleg har dei også fått på plass eit nytt produksjonslokale etter mattilsynet sine forskrifter, som gjer at dei kan auke omfanget av produksjonen.

– Vi har tatt tilbake 60 dyr frå slaktaren i år. Det er betydeleg meir enn i fjor. Så her skal vere godt med varer for dei som er interesserte.

Ikkje nok med at maten er kortreist, dei fleste produkta som serverast vil også vere basert på familien Hide sine oppskrifter.

– Og om folk lurer, so er Palma-lefsene og flatbrøda klare, skyt Hide inn.

Kafé og julestemning

Elles blir det også stort fokus på å skape ei god førjulsstemning for publikum. Det blir mellom anna kafé, leik for barna og ikkje minst moglegheit til å møte fleire og lære om dei mange dyra på garden.

– Vi vil at dette skal passe folk i alle aldrar. No kryssar vi fingrane for at vi også får litt fint desembervêr, men uansett blir det garantert julestemning på Bøen Gard på laurdag, avsluttar Bente Hide.