Dette gjer Herøy til ei av 144 kommunar som har ei auke som er meir enn dobbelt so stor som landsgjennomsnittet. På landsbasis er auken i misleghalden gjeld på 16,7 prosent eller 6,6 milliardar kroner. Totalt er gjelda no på 46,3 milliardar kroner, skriv inkassoselskapet Lindorff i ei pressemelding.

I Sande kommune er den tilsvarande auken på 8,7 %, etter å ha auka frå 20 til 21,7 millionar kroner det siste året. I Hareid kommune er auken på 15 %, i Vanylven kommune er den på 18,8 % og i Ulstein kommune er auken på 28,2 %.

Færre personar med merknadar

Sjølv om gjelda med merknad har auka er det færre personar i våre kommunar som har misleghalden gjeld. I Sande gjeld det no 80 personar, noko som svarar til 3,2 % av sandssokningane, og er samtidig ti færre enn i fjor. Ein reduksjon på 11,1 %. For Herøy sin del er reduksjonen på 3,8 %, eller 12 personar. 304 har merknad på seg ved utgangen av tredje kvartal 2018 i Herøy, noko som svarar til 3,8 % av innbyggjarane. I gjennomsnitt er gjeld med merknad på 368 301 kroner per person.

Også Vanylven har ein reduksjon, på 3,5 %, eller tre personar færre. Ulstein og Hareid derimot har ei auke i talet på personar med gjeld med merknad. I Ulstein har talet auka frå 293 til 297 personar, eller 1,4 %. I Hareid kommune er auken på 3,1 %, noko som betyr at heile 5,4 % av hareidsdølingane har gjeldsmerknad på seg. På landsbasis er det 5,6 % av befolkninga som er registrert som dårlege betalarar.

Kreditorane er positive til å finne løysningar

Lindorff-sjef, Siv Hjellegjerde Martinsen, anbefaler at dei som får problem tek kontakt med leverandørar eller inkassoselskap.

– Dei man skylder pengar er ofte positive til å finne ei løysing. Betalingsutsetjingar, nedbetalingsavtalar eller retur av varene man ikkje klarar å betale er tre moglege vegar ut av uføret, seier ho.

Martinsen åtvarar samtidig om at slike betalingsmerknadar kan føre til store avgrensingar i handlingsrommet i eigen privatøkonomi.