Byutvikling har over lengre tid vore ei prioritert satsing i Herøy kommune. Målet har mellom anna vore at Fosnavåg skal vere ein attraktiv og berekraftig stad med urbane kvalitetar, samt ein blågrøn stad med maritimt preg som tek vare på bymiljø. Fosnavåg skal ha sosiale møtestadar i eit folkerikt sentrum tilrettelagt for alle, skriv kommunen om tiltaket.

Klatreparken og utbetringa av Skarabakken, som vil knyte idrettsområdet tettare saman med Fosnavåg sentrum, er prosjekt som allereie er sett i gong.

Fosnavågpakken 2019–2023

For dei neste fem åra har Herøy kommune tre visjonar for den vidare utviklinga av Fosnavåg. For det første vil ein arbeide for eit meir kompakt og fleirfunksjonelt sentrum der folk kan bu, arbeide og besøkje. Offentlege rom og gater skal vidareutviklast, slik at dei står fram som estetiske og funksjonelle. Det skal også bli enklare å ta seg fram med miljø i fokus.

Kommunen skriv vidare at tiltaka i Fosnavågpakken vert vurdert som viktige for vekst og utvikling. Dei vil også etablere ein ny dialogplattform med innbyggarane.

Solparken i 2019

Neste år vil det vere fokus på utbygginga av solparken, samt utvikling av bru over Fosnavåg hamn til Vågsholmen. Parken i Fosnavåg har også ein sentral plass, då ein i 2019 vil prosjektfinansiere både ein ny parkeringsplass og eit tredelt bygg med toalett, dusj og tømmestasjon. Det er også planar om utbetring av gangvegar i Fosnavåg sentrum, eit prosjekt som blir sett i samanheng med Skaranakken-prosjektet.

Vil ha eit lysare Fosnavåg

I perioden 2020–2023 er prosjekt LYS Fosnavåg det mest framståande. Dette er eit sentrumsprosjekt for eit lysare Fosnavåg sentrum, der første fokusområde i 2020 vil vere Nørvågen og Ura.

Andre tiltak er etablering av offentlege rom rundt den nye brua over Fosnavåg hamn, etablering av eit nytt utsiktspunkt, samt ei forbetring av trafikken inn/ut frå Fosnavåg og ei sykkelsatsing i sentrum.

I 2023 er det planlagt ei utvikling av Kleivavika, som skal bli eit nytt grøntområde for «byen», opplyser kommunen.