I helga tok Bergsøy-jentene turen til Vestnes for å møte svakt plasserte Vestnes/Varfjell. Vertane heldt bra følgje i den første omgangen, og ved halvtid var Bergsøy berre føre med 13–10. I andre omgang spela derimot herøyværingane fort av seg romsdalingane, og kunne til slutt ta med seg ein klar 28–18-siger heim til Fosnavåg.

– God kamp av oss

Bergsøy-trenar Aukse Aglinskiene fortel at ho er godt fornøgd med det dei leverte, sjølv om motstandaren ikkje var den beste.

– Vi har god fart i spelet vårt, og alle utespelarane scorar også mål. Det er viktig då eit av problema i fjor var at det var få som scora, fortel Aglinskiene.

Ho var sjølv ein av toppscorarane søndag, med seks mål. Også Olivia Nærø og Beate Myklebust noterte seg for seks scoringar. Sistnemnde var tilbake frå skade, etter nokre kampar på sidelinja.

– Olivia har verkeleg funne scoringsforma, og so er det jo artig at både veteranen Siv Vestnes og dottera Lisa Marie scorar i same kamp, ler Aglinskiene.

Bergsøy-trenaren skryt også av keeper Susanne Skar Sandvik.

– Susanne er alltid der for oss. Ho reddar oss i fleire situasjonar, og spelar alltid gode kampar, seier Aglinskiene.

Førebur seg på tøffe kampar

Men for Aukse Aglinskiene er helgas siger over Vestnes/Varfjell ikkje so viktig. Ho har fullt fokus på dei komande kampane.

– No skal vi spele mot Volda 2 og Molde 2. Det blir tøffe kampar, og vi må bruke tid på å førebu oss og bli betre før dei kampane. Vi har kanskje vunne alle kampane til no, men spørsmålet er om vi klarer å vinne også dei kampane, seier Bergsøy-trenaren, som veit veldig godt at det er desse kampane som vil avgjere korleis sesongen blir for Bergsøy-damene.

Volda 2 er først ut når dei gjestar Herøyhallen komande laurdag. Ei veke seinare er det Molde sine nest beste som tek turen til Fosnavåg.